NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 9. september 2016

FJELLREVANE PÅ TUR I SKIKKELEG HAUSTVÈR

Onsdag var det endelig klart for den første skikkelege turen til Fjellrevane. Vi hadde pakka mat og drikkeflaskene i tursekken og var klar til avgang. I den nye barnehagen vår blir det litt annleis når vi skal gå på tur, då blir det heilt nye vegar å gå for å kome fram til turmålet.

Vi starta frå bedehusbarnehagen vår og gjekk til høgre, vi hadde tenkt oss opp i eventyrskogen ved lavvoen vår i skogen, men då vi hadde kome eit lite stykke på vegen begynte det å regne KJEMPE mykje! Himmelen opna seg og det berre rann ned, i tillegg vart det kjempe mykje vind! Ungane vart kjempe glade, mange ropte «TORNADO»
Vi tenkte at vi måtte finne ly for regnet, så vi bestemte oss for å gå til gapahuken til skulen, der var ikkje skulen så vi kunne sitje under tak og ete maten vår i ly for regnet og vinden.

                           

På vegen fann vi mange flotte haustteikn, blad som var på veg til å dette ned frå treet, og mange soppar! Til og med ein som var heilt svart! 

Fjellrevane var heilt forundra over alle dei rare soppane vi fann, men dei var veldig obs på at nokre soppar kunne vere veldig giftige, så dei var ikkje borti soppane, dei berre studerte dei.



Vi fann også nyper langs vegen, men dei var ikkje modne endå!



«NØTTETRE!!» Kom det frå Fjellrevane når vi hadde kome fram. Oppe i skogen ved gapahuken var det kjempe mange nøttetre med nøtter på! Vi leita og leita etter nøtter, etterpå knuste vi dei med steinar, men nøttene var ikkje heilt modne, dei var grøne utpå og inni var dei litt mjuke, men det stoppa ikkje oss, for vi måtte nemlig smake på! Nokre likte det og andre ikkje.


Nokre av borna smakte også på rognebær, men dei kom fort ut igjen, dei var alt for sur!!


Nøtteknuserane!


På veg heim hadde det endeleg slutta å regne! Så vi bestemte oss for å ta ein litt annleis veg ned igjen til barnehagen. 


Vi gjekk ned i skogen ved gapahuken, der var det ein sti som var så smal at vi kunne ikkje halde turvennen vår i handa, vi måtte gå på ei lang rekke! Når vi hadde gått ein lang nedoverbakke inne i skogen kom vi fram til byggefeltet Øvstebygda, då var det berre ein liten spasertur heim til barnehagen igjen.


Skal tru kven som har ete på dette bladet? Er det ein edderkopp som har vore her? Eller ei marihøne? Larve? Fjellrevane undra seg og kom fram til at det måtte vere ein edderkopp sidan det såg ut som eit spindelvev!
Neste tur skal vi ta med oss ei bok om soppar, slik vi kan utforske soppane enda meir. Kven som er giftige, og kva soppar som kan etast.

Ein veldig kjekk tur for oss Fjellrevane. 

Utforske, undre og oppdage nye ting i naturen.