Onsdag var
det endelig klart for den første skikkelege turen til Fjellrevane. Vi hadde pakka
mat og drikkeflaskene i tursekken og var klar til avgang. I den nye barnehagen
vår blir det litt annleis når vi skal gå på tur, då blir det heilt nye vegar å
gå for å kome fram til turmålet.
Vi starta
frå bedehusbarnehagen vår og gjekk til høgre, vi hadde tenkt oss opp i
eventyrskogen ved lavvoen vår i skogen, men då vi hadde kome eit lite stykke på
vegen begynte det å regne KJEMPE mykje! Himmelen opna seg og det berre rann ned,
i tillegg vart det kjempe mykje vind! Ungane vart kjempe glade, mange ropte
«TORNADO»!
Vi tenkte at vi måtte finne ly for regnet, så vi bestemte oss for å
gå til gapahuken til skulen, der var ikkje skulen så vi kunne sitje under tak og ete maten vår i ly for regnet og vinden.
På vegen fann vi mange flotte haustteikn, blad som var
på veg til å dette ned frå treet, og mange soppar! Til og med ein som var heilt
svart!
Fjellrevane var heilt forundra over alle dei rare soppane vi fann, men
dei var veldig obs på at nokre soppar kunne vere veldig giftige, så dei var
ikkje borti soppane, dei berre studerte dei.
Vi fann også nyper langs vegen, men dei var ikkje
modne endå!
«NØTTETRE!!» Kom det frå Fjellrevane når vi hadde kome
fram. Oppe i skogen ved gapahuken var det kjempe mange nøttetre med nøtter på!
Vi leita og leita etter nøtter, etterpå knuste vi dei med steinar, men nøttene
var ikkje heilt modne, dei var grøne utpå og inni var dei litt mjuke, men det
stoppa ikkje oss, for vi måtte nemlig smake på! Nokre likte det og andre ikkje.
Nokre av borna smakte også på rognebær, men dei kom
fort ut igjen, dei var alt for sur!!
Nøtteknuserane!
På veg heim hadde det endeleg slutta å regne! Så vi
bestemte oss for å ta ein litt annleis veg ned igjen til barnehagen.
Vi gjekk
ned i skogen ved gapahuken, der var det ein sti som var så smal at vi kunne
ikkje halde turvennen vår i handa, vi måtte gå på ei lang rekke! Når vi hadde
gått ein lang nedoverbakke inne i skogen kom vi fram til byggefeltet
Øvstebygda, då var det berre ein liten spasertur heim til barnehagen igjen.
Skal tru kven som har ete på dette bladet? Er det ein
edderkopp som har vore her? Eller ei marihøne? Larve? Fjellrevane undra seg og
kom fram til at det måtte vere ein edderkopp sidan det såg ut som eit
spindelvev!
Neste tur skal vi ta med oss ei bok om soppar, slik vi
kan utforske soppane enda meir. Kven som er giftige, og kva soppar som kan
etast.
Ein veldig kjekk tur for oss Fjellrevane.
Utforske,
undre og oppdage nye ting i naturen.