NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 24. august 2016

Den fyrste turen til Raudrevane

Fredag 19.8 gjekk vi på tur til Gurineset. Gruppa var noko redusert, nokre var sjuke og nokre hadde fri så det var ei lita gruppe på tur. No når vi held til på bedehuset er dette ein enda kortare tur enn tidlegare, men vi får mykje god motorisk trening likevel. Og vi gjer oss kjende med det nye nærområdet vårt.

Vi fant noko spanande når vi grov       

i sanden, du ser det på skaftet til spada.
Det var noko som endra form frå oval til ein lang strek. Tru kva dette kunne vere?
For å kunne studere det betre, løfta vi
det over på eit papir vi fant. Det var artigå sjå korleis den endra form. 
Kva det var, er vi ikkje heilt sikre på, kanskje ei lita igle?




Vi kosa oss og plukka blomar, laga bokstavar og teikningar i sanden. Laga bilete av ulike blader og blomar som vi fant, klatra på den store steinen, studerte insekt og andre kryp, og leika i vasskanten. Vi skulle ikkje gå ut i vatnet, men det var litt vanskeleg å motstå den lysta. Det gjeng heldigvis bra å bli litt våt når temperaturen er fin.








Kvifor vert det vatn i gropa når ein grev hol nært Vatnevatnet?



På turane vil vi leggje vekt på å undre oss i lag med barna. Nokre gongar kan vi gje dei svar på spørsmåla deira, andre gongar vil vi saman prøve å finne svaret eller berre å filosofere saman. Det er mykje god språktrening i å setje ord på tankane sine. Når vi er på tur får vi i tillegg bruke sansane våre, både syn, hørsel, den taktile sansen i huda vår og likevektssansen får mykje stimuli ute i naturen. Og nokre gongar brukar vi og smakssansen vår, t.d. når vi smakar på gauksyre. Og kroppen vår får god motorisk trening, difor vil vi leggje vekt på å vere mykje på tur det komande barnehageåret.

tirsdag 23. august 2016

MARKENS GRØDE

Etter at vi no er etablert i «nybarnehagen», er det kjekt å gå på tur til den «gamle» uteleikeplassen.




I vår sådde barna på Maurtua og Bikuba frø og sette poteter. Vi måtte difor tilbake til «gamlebarnehagen» for å sjå på grønnsakhagen vår, - og plukke litt rips. Det var spennande å finne bittesmå minigulrøtter, sukkererter og redikkar. Minigulerøttene var kjempegode, men vi må nok vente litt til før vi haustar dei. Reddikkane hadde blitt store no, og så fann vi nokre flotte, grøne erteskolmar med erter i. Redikkane hadde fin raud farge, men nokon synst dei smakte litt «sterkt».  Det var veldig spennande å plukke ripsbær. Dei var sure og gode! Potetene hadde ikkje vokse seg store nok endå, så dei får vi hauste litt seinare.




Det var kjekt å leike Kaptein Sabeltann i skuta, og i gapahuken var det legekontor. Spennande å treffast igjen etter sommarferien! 

Dette barnehageåret vil vi også setje fokus på vennskap og inkludering! 




fredag 12. august 2016

SISTE DAG PÅ "GAMLE" TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

Det var ein litt vemodig dag på Tryggheim barnehage, Vatne i dag. Revane, som skal starte på skulen hadde sin siste barnehagedag og alle vi andre hadde den siste dagen i barnehagen før den skal rivast og byggast ny.

Vi har vore å sjekka dei nye barnehagane.


Her er vi på «Brakkebarnehagen» og der var det full rulle!!  Dei måla, det var snikkarar, elektrikarar, rørleggarar. Ute var det  gravemaskin og ein lastebil som kom med rør og ein septiktank (Æsj..)

På «Brakke-barnehagen» skal 1 og 2 åringane vere.



Før vi gjekk oppatt måtte vi helse på Nøtteliten.



So måtte vi vidare for å sjekke «Bedehusbarnehagen»! Oppe skal Maurtua (5 åringane) vere og nede er det Bikuba (3 og 4 åringane). Åh, det var veldig, veldig spennande!!



Det var eit stort rom og der var det mange kjente ting. Sofa, bord, leiker og mykje meir. Vi var eigentleg klar til berre å leike oss.


Men fann ut at oss måtte no ned i kjelleren og sjå kvar Bikuba skal vere.



Vi gler oss til at vi kan besøke kvarandre på «Bedehusbarnehagen», kan berre gå opp og ned trappa. Og vere mykje i lag ute på barnehagen.



Kjempestor platting og skog vi kan leike i.


Det har vore mykje arbeid å pakke og tøme barnehagen. Torsdag var det dugnad og mange foreldre stilte. Supert! Det vart jobba på uteområda på begge barnehagane og bilane gjekk i skytteltrafikk frå den «gamle» til dei nye!




 




Så den siste dagen i denne Tryggheim barnehagen, var det nesten ingenting. Leiker, bord, stoler og alt det andre var flytta. Rart!! Men vi hadde god plass til å springe, danse og leike oss.


Frukostbordet vårt!!


Vi åt mat i lag alle. Det var litt rart for vi gjekk inn med regnbukse og støvler. Alle sat på golvet og åt, tenk at det går ann..


Revane sang «Første dag i første klasse» til oss. Lykke til på skulen alle saman, oss kjem til å sakne dokke!!




Litt vemodig og rart. I dag 12. august 2016 er det siste dagen i denne barnehagen. 
Det er 43 år sidan den vart opna i september i 1973, her er det mykje som sit i veggane. Det er mange, som har gått her og mange som har hatt arbeidet sitt her. 

No ser vi framover mot ein heilt ny barnehage, men i mellomtida vil vi ha det kjekt i «Brakkebarnehagen» og «Bedehusbarnehagen»!!