I dag var
endeleg dagen her som alle borna hadde gleda seg til, dei fekk ta med eigen
sykkel og hjelm til barnehagen, for i dag var det klart for trafikkdag. Det
heile starta med at trafikkvenen vår Tarkus kom på besøk, han helste på alle
borna og fortalte dei kor viktig det er å bruke hjelm når vi er ute å syklar.
Tarkus er
eit beltedyr. Han har ni belte på ryggen sin, og
når han er i bil har han ti.
Då er han eit bilbeltedyr. Tarkus er karakterisert
ved at han viser omsorg for andre,
og er opptatt av korleis barn ferdast i
trafikken.
Ein veldig god trafikkven som alle borna i barnehagen er glade for å
ha.
Borna har jobba med korleis vi skal ferdast i trafikken.
Tema som har
blitt tatt opp er:
-
Bilbelte
-
Sykkelhjelm
-
Refleksvestar
-
Kva vi skal passe på når
vi er ute å går på tur.
Alle syklistane klare for sykkelløype!
Trafikklysa er på plass!
Skilta er på plass!
Vente
på grønt lys.
. Sjå seg for! Er det er trygt å passere?
Løvungen
må også ha på hjelm når han skal sitte på med sykkelen.
Full
fart rundt barnehagen.
Alle borna
fekk utlevert sykkelbevis for gjennomført trafikkdag!
Vi avslutta
dagen med mat og frukt som smakte veldig godt for slitne syklistar J
Kjekk og lærerik dag for store og små!!