Harane
har i april gått gjennom eit opplegg utarbeidd av Trygg Trafikk. Det er viktig at barna utviklar god kunnskap,
dugleik og haldningar og vi har tatt utgangspunkt i det nære og kjente.
Barna har vorte kjent med
trafikkvennen Tarkus, han har lært oss om korleis vi skal ferdast i trafikken.
"NÅ SKAL DU MØTE
EN HYGGELIG FYR,
HER KOMMER TARKUS
ET BILBELTEDYR.
TARKUS ER TØFF OG
HAR SKJOLD PÅ SIN RYGG.
I BIL HAR HAN BELTE,
FOR DA ER HAN TRYGG."
Gjennom Tarkus har vi m.a. fortalt, brukt
plansjer, konkreter, sang, Kims leik, dramatisert, hatt ulike
formingsaktivitetar og lest bøker om Tarkus og vennane hans.
Ulike tema
vi har tatt opp er:
·
Å sjå og høyre
når vi er ute i trafikken.
·
Bilbelte
·
Refleks
·
Sykkelhjelm
Tarkus er
eit beltedyr, ein niringa armadillo. Beltedyra er skumringsdyr og er ofte
trøytt om dagen, no når han er på besøk i barnehagen ligg han og søv i ei seng,
når han ikkje er i lag med oss. Vi listar oss veldig stilt ut, hentar han og
ber han forsiktig inn på avdelinga.
Når han
vaknar, helser han på alle saman og han får mange gode kosar.
Tarkus bur i Tarkustreet i lag med vennane sine; Flaggi-Lise, Musedyret og kameleonen Leon.
Det er ikkje så langt frå barnehagen eller der oss bur!!
Tarkus fortalde kor viktig
det er å bruke sykkelhjelm. Han seier at vi kan tenke på hovudet vårt er som eit egg. Vi
slepte ned eit egg og såg at det knuste. Medan når vi hadde ein hjelm utanpå eit egg, så var det like heilt!! Oj, oj.
Når vi er ferdig med samlinga, er ofte Tarkus ganske trøytt, vi syng avsluttningssangen og legg han forsiktig opp i senga etter at alle har gitt han ein god kos.
Avsluttningssang
for Tarkus:
«Bysanlulle,
bysanlull, du
skal sove nå, snille Tarkus, god som gull, vi
skal passe på på. Tarkus hvisker: «Tusen takk, jeg er nokså trett.» Tarkus sovner i sin seng, glad og god og mett.
Når vi i barnehagen er på tur brukar vi alltid refleksvestar, både barn og vaksne. Då vil vi også praktisere det Tarkus har lært oss i samlingane!
I juni vil Tarkus kome tilbake på besøk
når vi skal ha trafikkveke.