Tidlegare i november har vi fått lære om korleis mange barn i Peru og Bolivia har det.
Barna har fått lære om Sør-Amerika, blant anna om kva språk dei snakkar, kva mat dei et, kva dei dyrkar der og kva dyr som bor der.
Barna har fått lære
enkle ord som:
Hola! – Hei! (uttale:
åla) ein seier ikkje h´en i spansk
Adías – Ha det, adjø (uttale: Adiås)
Gracias - Takk (når ein
får noko) (uttale: Grasias)
Sjå også: Misjonsprosjekt Sør-Amerika, Peru og Bolivia.
Vi har også fått høyre at enkelte barn ikkje har det så godt og vi hadde difor lyst til å hjelpe dei som har det vanskeleg.
Ved å støtte Barnas Misjonsprosjekt er vi med på å gjere livet til barn i Sør-Amerika betre. Mange barn i Bolivia og Peru har det vanskeleg. Nokon har det vanskeleg fordi foreldra har dårleg råd, eller fordi foreldra drikk mykje alkohol og gløyme borna sine. Dette ynskjer Barnas Misjonsprosjekt å gjere noko med. Gjennom NLM prosjekt, som gåvene til Barnas Misjonsprosjekt går til, lærer foreldra om korleis dei kan vere ei god og trygg familie.
Den lokale kyrkja driv ulike kurs og i tillegg besøkjer NLM sine utsendingar skular og barnehagar og fortelje dei at Gud har skapt dei og at han er glad i dei.
Ved å vere med på dette prosjektet vonar vi å lære borna å utvikle toleranse og respekt for kvarandre, samtidig som dei kan utvikle empati og sjå at mange barn i verda ikkje har det så godt som vi har det i Noreg.
Det er mange måtar å få inn pengar på. I år valgte vi å lage eit Misjonsløp rundt barnehagen vår. Dei foreldra som ville det kunne enten gi ein fast sum eller ein sum pr.runde barnet sitt sprang. Vi hadde også delt ut sponsorbrev/faktura til små og store bedrifter i lokalmiljøet vårt. Sparebanken Møre både sponsa oss og lånte oss vestar med nummer på og start/mål banner.
19.november hadde vi Misjonsløpet vårt. Barna og dei vaksne sprang mange runder rundt barnehagen. Til lunsj kosa dei seg med grove
rundstykker med gulrot i og kakao. Kakao passa godt til
drikke på ein fin, men litt kjølig novemberdag. Men også fordi vi har
lært at Kakao kjem frå Kakaotreet som veks i Sør-Amerika.
TUSEN TAKK FOR STØTTE TIL MISJONSLØPET VÅRT.
EKSTRA KJEKT AT OGSÅ SLEKT OG VENER BIDROG.
Pr.05.12.15 er det kome inn kr.14627,-
som vi sender til Barnas Misjonsprosjekt.
Sponsorane
våre:
- Foreldre, slekt og venner
- Sparebanken Møre
- Vatnesenteret AS
- Øyra handel AS
- Aalesund Oljekle AS
- SUKK
- KVIST
- Trådsnella
- Interiørbua