I dag (5. oktober 2015) tok Maurtua og Klatremusene opp
poteter i barnehagen! Før vi gjekk ut spurte vi om dei huska når vi sette
poteter i dei store bøttene. Det gjorde vi i mai, - når det var vår. Vi snakka
vi om korleis vi sette «mammapotet» i molda, og at det etter kvart vaks mange
«babypoteter». Det var spennande å grave i molda! Nesten som å vere på
skattejakt! Nokre synst det var litt ekkelt å få mold på hendene, men det var
spennande å sjå alle potetene som dukka fram! No skal det bli godt å smake dei!
Mange ivrige hjelparar!