I høve temaet vi
arbeider med no, Kjensler, har barna fått prøve seg på IKT. Vi starta med at
barna tok bilete av kvarandre, der dei skulle vise ulike kjensler som glede,
redsle, det å vere lei seg og sinne. Dei bileta som viste glede vil vi bruke på Harane våre, så desse kopierte vi og limte inn i eit Word-dokument. Barna fekk
sjølve velje ut kva for eit bilete dei ville bruke. Barna skreiv og namna sine
på PC-en, der fekk dei velje farge på bokstavane. Så skreiv vi ut dokumentet,
og henta det frå skrivaren.
I denne økta
fekk barna erfaringar med å bruke kamera, dei fekk sjå korleis vi klipper og
limer i dokument, dei fekk skrive på
tastaturet og vi skreiv ut det ferdige produktet.
Barnehagen har ei viktig rolle som
oppvekst- og læringsområde for barn under opplæringspliktig alder. Barnehagen
skal støtte utviklinga ut frå føresetnadene til barnet og gi kvart enkelt barn
og kvar enkelt barnegruppe utfordringar.
IKT kan supplere barnehagens arbeidsmåtar,
støtte barnas utvikling og læring og tilby nye uttrykksformer.
Gjennom arbeidet med kommunikasjon,
språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna
-
lyttar, observerer og
gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne
-
bruker språket for å
uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skape
positive relasjonar i leik og anna samvær