NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 5. juni 2015

SYKKELDAG I TRYGGHEIM BARNEHAGE 5.JUNI 2015

Som avslutning på trafikkveka, hadde vi sykkeldag i barnehagen! Dei største i barnehagen fekk ha med eigen sykkel og hjelm. Dei største hjelpte dei som var mindre. Heile veka har Tarkus fortalt oss om kor viktig det er å vere forsiktig når vi ferdast i trafikken. 

Vi på Maurtua har snakka om:
o   Kor viktig det er å bruke bilbelte/bilstol
o   Bruke sykkelhjelm når ein syklar
o   Kva ein skal passe seg for når ein er ute og går i trafikken
o   Kor viktig det er å bruke refleks/refleksvest
o   Vi har hatt trafikkbingo der vi leita etter skilt, snakka om korleis skilta ser ut
o   Vi har lært sang om Tarkus

Denne månaden set vi fokus på kropp, rørsle og helse. I Rammeplanen står det at gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. På sykkeldagen og når vi er ute på tur skaffar barna seg erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar. Når vi har gått på tur og leita etter trafikkskilt, har vi utforska og leika oss med tal og former, jf Rpl.

 
Små og store kosar seg på Sykkeldagen.
Kjekt når alle er samla!



 

 

 




Tarkus er eit beltedyr. Han har ni belte på ryggen sin, og når han er i bil har han ti. Då er han eit bilbeltedyr. Tarkus er karakterisert ved at han vise stor omsorg for andre og er opptatt av korleis dei har det. Det er viktig når vi er i trafikken saman med mange andre trafikantar.