NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 12. juni 2015

REVANE OVERNATTAR I BARNEHAGEN

Endeleg er dagen komen! Overnatting i barnehagen! Det kribler i heile kroppen, for det er sååå spennande! Vi laga til sovesalen med madrasser, liggeunderlag, soveposer, nattdressar og godteposer. Aller først skulle vi ete litt mat. Ønskemenyen for kvelden var pølse med brød, kake med nonstop og potetringar. Akkurat når vi var ferdig med maten, såg vi ein gullmynt som låg på golvet! Kven hadde lagt frå seg den? Vi gjekk bort og kika, og då var det endå fleire gullmyntar som låg der. Vi lista oss vidare for å finne ut kva ditta var. Vi måtte gå opp loftstrappa! På loftet var det heilt mørkt, så vi måtte bruke lommelykt. Vi leita rundt omkring på loftet for å sjå om der var noko, og då dukka det opp ei skattekiste.  Vi fekk brev og gullmyntar frå han sjølvaste kaptein Sabeltann! Han sa at han hadde høyrt kor flinke vi var til å synge sjørøvarsangar, og at han snart ville komme på besøk. Vi skulle dele gullpengane heilt likt. Etterpå såg vi litt film og kosa oss med godteri. Etterkvart fordelte vi oss på to rom, kraup nedi soveposen, knisa, sprella og flira litt heilt til alle sovna! Vi har hatt ei super overnatting!