Det var mange spente "Revar" (førskulegruppa) då vi skulle reise med buss til
Vestheim på Vestnes tirsdag 5.mai! Der arrangerte NLM «Leirdag» for dei som snart
skal starte på skulen. Dei hadde laga til eit flott opplegg der barna var
medverkande heile dagen.
Det var alt frå sporløp på den flotte uteplassen,
leirsang, - og «flyreise» til misjonslanda Kina, Bolivia og Etiopia.
Vi fekk
servert deilig mat både ved ankomst og midt på dagen!
På sporløpet måtte vi samarbeide og stå i kø på mange av
postane. Revane var flinke til å svare på spørsmål. På ein av postane var det ei sansekasse. Barna skulle ta
handa inn i kassa og gjette kva dei følte på. På ein annan post måtte dei samarbeide for å få mest mogleg
vatn ned i eit målebeger. Dette gjorde dei med ei skei. Ei skikkeleg
utfordring.
Vi måtte også kaste ball i bøtter, spytte rosiner og pusle
puslespel.
Linkus kom på besøk! Og så fortalde Johanne, Ole og Hege frå
Etiopia, Bolivia og Kina. Dei hadde med mange spennande klede og ting.
Revane var
kjempeflinke til å samarbeide.
Det var ein flott gjeng å ha med på tur!