NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 7. oktober 2014

REVANE PÅ TUR TIL GURINEST 6. OKTOBER 2014

I dag skulle vi sjå om vi fann lønnetre. Det har store blad som liknar på ei hand med sprikande fingrar. Frøet på lønnetreet har ein vinge. Når vi kastar det opp i lufta ser det nesten ut som eit helikopter. I Gurineset var det nesten ikkje lønnetre, men på veg tilbake til barnehagen fann vi fleire.



I dag har det vore sommar ute sjølv om det er 6. oktober! Vi kosa oss og grilla fiskekaker, vi har leika «gøyme og leite» i skogen, klatra på storesteinen og funne biller, nøtter og fine haustblad. Alle revane fekk bruke fotoapparatet. Det vart mange fine haustbilder:















Denne «skapelsen» nede i vatnet fekk i gang fantasien under måltidet. Vi må nok skrive eit lite eventyr om den!
















Vi fann ein stor hageløper i skogen. Spennande å halde i handa! Trur han beit litt også!





 
                                                                                                                                                               
 Gøyme og leite i skogen. Elle, melle, du fortelje …….. Du må stå. Dei talde både på polsk og norsk! Så var det om å gjere å sitje musestille :-) Nok ein flott turdag med revane!