Fredag var alle på Maurtua med og tok opp
potetene som vi sette ned i store bøtter (med mold) i mai. Randi teikna og
forklarte korleis det kom mange poteter ut frå «mammapoteta». Harane hadde lært
ein fin song om poteta som dei song til oss.
Vi snudde bøttene med mold opp/ned, - så måtte vi bruke spade og fingrane for å finne potetene nede i molda. Alle var veldig ivrige! Nokon synst det var litt ekkelt å ta i molda med hendene. Makkane likte seg veldig godt nedi molda! Vi fann nokre bittesmå gulrøter også!
Alle
hjelpte til, og vi plukka veldig mange poteter! No skulle det bli godt å smake
på dei! Vi steikte dei i omnen saman med litt olje og salt. Trur det var dei
aller fleste som synst det smakte kjempegodt! Spennande å hauste eigne poteter
i barnehagen J J