NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 8. desember 2017

Besøk av ein vismann


Studenten vår på Haregruppa er i full gang med prosjektarbeidet, med fokus på Juleevangeliet og dei tre vise menn. Vi fekk besøk av ein vismann, og vi fikk kjenne på gull, lukte på røykjelse og sjå myrra.


Studenten har også vist dukketeater av historia om dei tre vise menn, 
og tilført nytt leikemateriell.




Måndag skal vi ha juleverkstad der barna får lage sine eigne figurar saman med studenten.

mandag 4. desember 2017

Ekorna på undretur i nærmiljøet


Ei lita gruppe fra Ekorna fekk seg ein fin undretur i dag.
Vi gjekk ned til sjøen nedom barnehagen. Der møtte vi på 7 ender. Så spennande. Og så rare lyder dei laga!


Vi gjekk videre langs sjøen, forbi nokre hus med traktorer og campingvogner utanfor. Vi såg også mange fine julelys og julestjerner i vindauga.
Det draup fra ei takrenne heilt nede ved bakken. Det måtte kjennast på. Kaldt og vått, men så artig å få kjenne korleis det føles når det drypp på handa.

Oppe på ein veranda såg vi ein stor snømann. Vi vinka til den og sang "snømannen Kalle".

Etterpå var det godt å kome seg inn, varme seg litt og ete mat.
Takk for ein kjekk tur! 😊 

fredag 1. desember 2017

Advent på Maurtua


Endeleg var det 1.desember.
Adventstida er ei spennande og koseleg tid på barnehagen.
Juleposane er måla og oppi dei legg vi fine gåver som vi lagar.
Vi gler oss til den dagen vi får ta dei med heim! 


Vi får vere med å pynte Juletreet.


Og kvar dag får vi trekke kven som skal opne dagens "luke" 
på den fine Adventskalendaren vår.

søndag 26. november 2017

Utforsking av vinteren sine første teikn



Klatremusene var på tur til lavvoen for første gang denne hausten, og det blir nok ikkje lenge til neste gang – der var det så kjekt! Turen opp var litt glatt, men heldigvis var det strødd sand slik at vi trygt kunne gå der.


Vi fekk sjå at vatnet i naturen hadde fryst til tappar.


Bakken var ikkje heilt fryst ved lavvoen så her kunne vi leike med pinner i sølepyttane. 


Det er kjekt å få vere ute i naturen.


Det er så mykje å utforske.


Sjå!!! Det er gras inn i isen jo!


Vinteren er vakker og spennande.


For ein super tur!

torsdag 23. november 2017

Klatremusene laga kunstverk

Måndag hadde Klatremusene innedag, og det var stor stemning for å finne fram maling. Barna var ivrig etter å få ta penselen fatt. 


Vi brukte fargane blå, raud, gul og grøn – men vi fann fort ut at visst ein blanda fargane så fekk ein nye fargar, både oransje, lilla og brun.


Til og med fata med malinga på såg ut som kunstverk.


Kunstverka hengte vi opp på avdelinga. Dei er så flott der dei heng J

onsdag 22. november 2017

Bakedag på Nøtteliten


På grunn av dårlege vêrmeldingar hadde vi planlagt å ha ein felles bakedag mellom gruppene på Nøtteliten. No vart ikkje vèret så gale som dei melde, men vi gjennomførte bakinga likevel.


Barna fekk bruke sansane sine til å kjenne på deiga, lukte og smake på deiga. For nokre såg det ut til å vere ei ny oppleving å handtere deig. Men alle såg ut til å kose seg.


Vi delte barna i grupper på tre og fire barn. Dei som ikkje baka leika på dei to andre romma på avdelinga. 


Medan barna sov steikte vi rundstykke av deiga og desse åt vi til måltidet klokka 13.30. Nysteikte rundstykke med smør og bringebærsylte falt i smak hos dei fleste. 

tirsdag 21. november 2017

Biene på vintertur



I dag var det så hardt og glatt ute på Bedehusbarnehagen, 
at alle Biene gjekk ein tur. 



Det var litt glatt på gangvegen. 
Men vi var flinke å gå og alle samarbeida.



  Vi såg på rimet på bakken og sola som skein på fjellet. 


Vi såg fuglar som kosa seg med bær og frø.


På ny barnehagen var det to gravemaskiner. 
Hm, skal tru kva dei skulle grave??

Kjempeflinke Bier, dette vil vi gjere fleire gonger☺