NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 8. mars 2015

PÅ FREDAG KOM RESTEN AV MAURTUA PÅ BESØK TIL HARESTUA

Dei ville sjå korleis kyllingegga hadde det. I rugemaskina er det godt og varmt, slik at kyllingane skal ha det bra. 
Dette er spennande!



Skogmusene, Klatremusene og Revane ville kome attende å sjå. Dette er kjekt!

lørdag 7. mars 2015

"BADELAND-FEST" PÅ MAURTUA TORSDAG 5.MARS 2015

Maurtua avslutta temaet om «Bukkane Bruse i ny og gamal versjon»,
med ein stor «Badeland-fest» i lag med Harestua og Bikuba!

Billettar til publikum.

Måla våra:
·       Bli kjent med det tradisjonelle eventyret.
·       Bli kjent med ny barnelitteratur: Bukkane Bruse på Badeland.
·       Bruke litteratur som inspirasjon til drama.
·       Omgrepstrening.
·       Tal og teljing.


Vi syng og dramatiserer Bukkane Bruse.

 
Revane hadde dikta:

SANG OM TROLLET

Det var ein gong eit troll x2
Det var eit badetroll x2
Det var eit skremmetroll x2
Som kunne telje til tolv x2
Og synge haba, haba,haba,haba, haba, haba, haba
Oh yeh

Hare Hare Pus x2
I eit badehus x2
Dei solgte vafler og brus x2
Men då kom det eit sus x2
Det var trollet som bada x2
Oh yeh

Bukkene Bruse x2
Brukte badetruse x2
Dei trippa i trappa x2
For trollet ville ta dei x2
Og dei sa kom igjen di pingle x2
Oh yeh

Trollet det var lurt x2
Og så vart det surt x2
A hi hi hi x2
A ho ho ho x2
Og dei sa hasta la vista x2
Oh yeh


Merete fortalde og nokre Revar dramatiserte.



I kafeen vart det pølser og vafler!!

TUSEN TAKK FOR FLOTT GJENNOMFØRING TIL 
                     
                       SKOGMUSER, KLATREMUSER OG REVANE!                                     

torsdag 5. mars 2015

SPENNANDE TIDER I BARNEHAGEN




På Harestua går vi spennande tider i møte.  
I følge rammeplanen skal barnehagen bidra til at barna opplever naturen og undring over naturen sitt mangfold. 
Vi skal klekke kyllingar! Og vonar dette går bra...

Vi vil etterkvart invitere resten av barnehagen, dette er noko alle skal få oppleve!

I vår barnehage legg vi vekt på samarbeid mellom avdelingane!

onsdag 4. mars 2015

REVANE PÅ TUR TIL GURINESET SAMAN MED HARANE 23.02.15

Mål for turen: Vinteraktivitetar! 
Vi vil at barna skal få gode opplevingar i all slags vêr gjennom alle årstider. 
Lage mat ute.




Sol og blå himmel i dag! Sola varmar til og med! 
Fantastisk turdag i Gurineset!



Vi boltra oss i nysnøen, - laga englar, aka på akebrett og prøvde å rulle snøball. Snøballane vart fulle av hestebæsj, for hestane bruker å gå på marka her når det er vår og sommar. I dag skulle Revane møte Harane. Dei på Harestua skulle tenne bål og koke suppe til alle saman. Det smakte kjempegodt! Spennande å sjå isen på vatnet. Det gjekk ann å lage hol i isen med pinnar. Kjekt å sjå igjen klatresteinen også. I dag kunne vi ete maten utan at vi fraus!




Vennskap i akebakken!  Gutane laga tog. Her fekk vi bruke kroppen.





tirsdag 17. februar 2015

REVANE FEIRER BRUNO 6 ÅR OPPE MED LAVVOEN

Mandag hadde vi bursdagsselskap for maskoten vår Bruno i skogen oppe ved lavvoen! Han såg ut som ein konge der han sat i ryggsekken. Han fekk seg ei revepute i presang, og sjokolademuffins og gele til mat.  Trur både han og dei andre Revane har kosa seg! Bursdagsbarnet med 6 lys på kaka! Vi song bursdagssang både på norsk og engelsk!





Etterpå var det oppdagelsestur ute i skogen! Utruleg mykje spennande å studere!  Vi såg masse dyrebæsj og dyrespor. Trur det var rådyr, og kanskje ein hare som budde ute i skogen. Vi såg masse sopp på steiner og tre! I ein roten trestamme budde det mange småkryp. Vi fann både edderkopper, små makker og andre småkryp. Vi gler oss til å sjå om det er endå fleire insekt i trestammen når det blir meir vår!






torsdag 12. februar 2015

HIPP HURRA FOR VATNE BIBLIOTEK

Fredag 6. februar var alle Revane, Klatremusene 

og Skogmusene på tur til biblioteket for å låne bøker J






Kjekt å få bruke biblioteket!
.........................

tirsdag 10. februar 2015

BUKKENE BRUSE I NY OG GAMMAL VERSJON

Både det tradisjonelle eventyret om

Bukkene Bruse og «Bukkene Bruse på Badeland» 
har inspirert barnegruppa 
til dramatisering både ute og inne!