Her er eit lite tilbakeblikk på misjonsprosjektet vi hadde på Grå
avdeling.
Etter solsnufest i januar var vi i gang med Barnas Misjonsprosjekt. Vi
tok fly til Mongolia for å bli betre kjent med landet, kva arbeid som blir
gjort der, og kva vi her i Norge kunne bidra med for at barna i Mongolia skulle
få det betre.
Det som var mest spennande var nok ørnane, og korleis
dei og menneska samarbeida i jakta på mat.
Mange flotte ørner blei produsert på avdelinga.
I tillegg fann vi fram veven, og laga Ger av glas.
Når vi lagde Ger måtte vi ha lys i, som skulle
symbolisere omnen og båla dei hadde i husa sine. Vi tok bussen opp til Eidet, og
gjekk innom Europris for å handle.
Vi hadde matpause ved fotballbana før vi gjekk ned
igjen til barnehagen.
Vi avslutta barnas misjonsprosjekt med foreldrekafé der vi hadde sal av klede og barna song.
Takk til alle som bidrog med klede, tomflasker og
pengar!
Alle fem avdelingane på Tryggheim barnehage på Vatne var med på
Barnas Misjonsprosjekt. Tilsaman kom det inn kr.8333,- som vi har sendt inn.