Onsdag er Gul avdeling sin faste turdag, og sist onsdag gjekk turen ned til småbåthamna på Vatne. Dei
siste dagane har vore prega av kraftig vind, og til dels storm i kasta med regn
og hagl om ein anna. Men vi bestemte oss for å trosse veret for å få oss ein luftetur og gjekk mellom bygene.
Nede på hamna var det
mykje å sjå på. Blant anna såg vi bølgene på sjøen som slo inn i steinane og
kaia. Vi såg på alle dei fine båtane som låg ved kaia og ikkje minst såg vi
fleire ender som svømte omkring båtane medan dei duppa opp og ned i sjøen.
Det
var ein fin og frisk tur. 😊