NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 29. januar 2020

Kortreist tur til Bedehusbarnehagen

Mandag var ein liten gjeng med gule born på tur til Bedehusbarnehagen. Vi er på leit etter nye turmål der hengekøyene kan vere med i sekken. Bedehusbarnehagen er ei ny oppleving for denne gjengen som verken har høyrt om, eller vore der. 
Vi er takknemleg for at tida i Bedehusbarnehagen er forbi, og vi kan tilbringe kvardagen vår i ein heilt ny og tilrettelagt barnehage. Men når det er sagt er vi takknemleg for tida vi fekk vere der og ikkje minst at vi er så heldige å kunne reise tilbake når vi har lyst.
Uteområdet bugnar framleis til mykje kreativ uteleik. Området er både ulendt og bratt, noko som gjer at borna får utfalde og trene på grovmotorikken sin. Tusen takk for at området framleis er innegjerda og at leikene våre kan vere tilgjengeleg når vi har lyst ut på tur! J

«Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring».
Rammeplan for barnehagen, 2017.


Takk for ein flott tur! Neste gong er hengekøyene og lunsjen vår med! J
Mette og Henriette

fredag 24. januar 2020

Det snør på Blå avdeling


Det er vinter, men lite snø i sikte. . Dette måtte vi gjere noko med!

Barnehagen skal leggje til rette for at borna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Rammeplan, 2017).

Denne dagen tok vi med ein liten bit av naturen og mangfaldet den har, vinteren som årstid, inn.


                                  



Med store auge og forventningsfullt blikk følgde borna med når Gro blanda saman potetmjøl og balsam opp i plastbaljen. Lukta godt gjorde det!
Men, kunne dette verte snø?
Konsistensen vart lik kramsnø til alle si begeistring – og vi jobba lenge med aktiviteten rundt bordet.
Dette var noko nytt og spennande!
Godt å lukte på, kjenne på og jobbe med.
Vi kunne lage snøballar, snøkake, prøvde å kjevle snøen, knipe den saman i handa vår, fylle koppar og glas med skei og gaflar.
Men ikkje smake.. 😊











Så håpar vi på Blå at snøen ute og kan kome snart – vi er klar for vinterleik!





Det snør, det snør
Tiddelibom!
Det er det det gjør
Tiddelibom!
Nå snør det mye mer enn før
Tiddelibom, og huttemegtu!

Hei frå legekontoret på Grå!

Midt i januar opna vi endelig legekontoret etter mange dagar der vi trippa i spenning.
Her får vi leike at vi er legar og pasient. Kva skal vi gjere for å ta vare på kvarandre?
 

Vi har også bamsen Jens her som er god å ha både til trøst, og som pasient. Han er god å øve seg på.
På fredager får vi besøk av dukka Henry. Det heng bilde av han på kontoret. Han skadar seg ofte, så han må vi hjelpe!
Takk til alle foreldre som har bidratt med utstyr til legekontoret. Det er så kjekt!

torsdag 23. januar 2020

Gr 2 på Grøn på tur til Gurineset

- regndressen på
- undring på vegen
- plaske i dammar
- studere måse og kråke
- leike grillmester på bålpanne
- fiske torsk og hai i ei gjørme
- søppel i naturen! Fysj!
- mat
- fornøgd gjeng

fredag 17. januar 2020

SOLFEST PÅ BLÅ AVDELING





Det har vorte ein kulturell tradisjon i Tryggheim barnehage Vatne å markere når sola kjem attende til barnehagen, den 13 januar. Dette står og markert i årsplan til barnehagen.



På Blå ville vi og la borna få kjennskap til denne store hendinga – vi ser fram til lysare dagar! Når vi går ut om morgonane etter morgonmøte er det ofte mørkt - og jammen, er det ikkje mørkt når ein er ute på ettermiddagen og reiser heim og. .


Borna fekk høyre to songar om sola og dei fekk lage seg eigne soler. Desse heng på avdelinga vår, berre kom innom å sjå.


                                 



Sola er god, sola er toppen!
Sola er varm og den bruner på kroppen.
Sola som skin kvar morgon for meg
Sola i BARNEHAGEN er best synast eg!

Sol ute , Sol inne

Sol i hjarte , Sol i sinne

Sol, berre sol!  





 


Borna viste iver og glede over aktiviteten, mykje læring var det og. Vi jobba med ulike former, ulike fargar og fekk bruke materialar som papir og lim.


Fagområdet mengd, rom og form omfattar leikande og undersøkjande arbeid med mellom anna former, plassering, mønster og måling (Rammeplan, 2017, s. 53).

Markeringa vart avslutta med solbollar til fruktmåltidet fredag 10 januar – rykande ferske som nokre større born hadde laga til alle i barnehagen!


Tenk, sjølve sola var i midten av bollane! 




Fine dagar og ein kjekk tradisjon i barnehagen vår!

Sola – du er hjarteleg velkomen til oss igjen!

søndag 12. januar 2020

Utlysning Barnehagelærar og Tilkallingsvikar

                 


NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer

BARNEHAGELÆRAR
i 100% vikariat snarast råd til 17.07.20
med moglegheit for forlenging

TILKALLINGSVIKARAR snarast råd 

Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. 

Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
  • Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
  • Delta i alt arbeid som du vert pålagt og etter din stillingsinstruks.
  • Interesse for spesialpedagogisk arbeid
  • Samarbeide tett med personalet i barnehagen og andre fagmiljø
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar utom barnehageområdet
  • 5 ordinære avdelingar
  • Kjøkkenassistent
  • Lønn etter PBL tariff
  • IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 23.01.20.

Send søknad og CV til: 
NLM barnehagene AS avd Tryggheim barnehage, Vatne
Ulvestadvegen 4,
6265 VATNE
Eller til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 96948829
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/

Gul avdeling på tur til småbåthamna


Onsdag er Gul avdeling sin faste turdag, og sist onsdag gjekk turen ned til småbåthamna på Vatne. Dei siste dagane har vore prega av kraftig vind, og til dels storm i kasta med regn og hagl om ein anna. Men vi bestemte oss for å trosse veret for å få oss ein luftetur og gjekk mellom bygene.

Nede på hamna var det mykje å sjå på. Blant anna såg vi bølgene på sjøen som slo inn i steinane og kaia. Vi såg på alle dei fine båtane som låg ved kaia og ikkje minst såg vi fleire ender som svømte omkring båtane medan dei duppa opp og ned i sjøen.

Det var ein fin og frisk tur. 😊

fredag 10. januar 2020

Grå avdeling på "jakt etter sola"!

I dag var det "Solfest-dagen" i barnehagen.

Sola skal igjen skine i barnehagen vår!

  
Vi har laga soler, teikna soler på kinna våre, bakt solboller og gått på jakt etter sola.

  
Det var det rosa  skyer på himmelen, men i staden for at sola kom fram vart det regnskyer. 
Men når alle skyene er vekk, då skin sola igjen i barnehagen!!

torsdag 9. januar 2020

Sola er god, sola er toppen


No gler vi oss til at sola skal kome tilbake til barnehagen. 

Gr 1 måla flotte soler med pensel og gaffel som vi skal pynte med på avdelinga! Kreative barn!

Sola er god.
Sola er toppen.
Sola er varm og den bruner på kroppen! 
Sola som skinner hver morgen for meg
Sola i barnehagen er best synes jeg! 

Raud avdeling til Gurineset

Godt nyttår frå Raud Avdeling! 
På tide med eit lite livstegn frå oss.




Vi er minst like aktive som før jul, og turen i dag blei derfor til Gurineset, der små og store verkeleg får bryne grovmotorikken.




Før mat rakk vi å utforske heile område, greit vi har små korte bein, men dei ber oss raskt avgårde. 





Vi kjem oss fram uansett, enten vi klatrar, hoppar, spring eller går. Idag har vi til og med rulla nedover bakkane, og kome oss opp igjen!


Vi hadde eit lite håp om å enten møte på ei ugle eller han Mikkel Rev, men måtte ta til takke med ein katt, som vi kom til måtte vere ute på jakt slik han sneik seg rundt!




Vi åt maten vår i den fine gapahuken som står der, kjekt å ha alt godt tilrettelagt. Neste gang skal vi ha med oss noko vi kan varme på bålpanna der, for det frista på ein kald, fin dag slik som i dag!