NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 4. desember 2019

Grå avdeling på Julevandring i Kyrkja

Her på Vatne er vi så heldige at vi har ei flott kyrkje som ligg nært barnehagen. I dag var dei to eldste kulla på barnehagen invitert til Julevandring der. Spente gjekk vi opp til kyrkja. Vi kunne sjå tårnet der klokka heng allereie før vi gjekk over Vatnebrua. Skal tru kor gamal kyrkja kunne vere? Over 100, eller 1000 blei foreslått. 




Vi fekk av oss yttertøyet og fekk kome opp på galleriet. Her skulle Keisar Augustus skrive oss inn med fingeravtrykk i boka si. Ein og ein gjekk vi fram.


Astrid og Linda skulle ta oss med på ei reise og fortelje oss om mirakelet som skjedde i Betlehem, og på vegen blei vi både til kongar, englar, gjetera, Maria og Josef. Det var kjekt at vi fekk ta del i Juleevangeliet på ein aktiv og inkluderande måte. 




Etter den lange og flotte reisa til Betlehem takka vi Astrid og Linda for at vi fekk kome. 


Det var på tide å returnere til barnehagen, men vi måtte ha oss ein matpause, også sjekke elva først. Det var kjekt å sende pinnar frå den eine sida av gangbrua og springe over på den andre sida for å sjå den kome seglande i straumen. 




Barna skal få kjennskap til grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon (Rammeplanen 2017).