Her
på Vatne er vi så heldige at vi har ei flott kyrkje som ligg nært barnehagen. I
dag var dei to eldste kulla på barnehagen invitert til Julevandring der. Spente
gjekk vi opp til kyrkja. Vi kunne sjå tårnet der klokka heng allereie før vi
gjekk over Vatnebrua. Skal tru kor gamal kyrkja kunne vere? Over 100, eller 1000
blei foreslått.
Vi
fekk av oss yttertøyet og fekk kome opp på galleriet. Her skulle Keisar
Augustus skrive oss inn med fingeravtrykk i boka si. Ein og ein gjekk vi fram.
Astrid
og Linda skulle ta oss med på ei reise og fortelje oss om mirakelet som skjedde
i Betlehem, og på vegen blei vi både til kongar, englar, gjetera, Maria og
Josef. Det var kjekt at vi fekk ta del i Juleevangeliet på ein aktiv og
inkluderande måte.
Etter
den lange og flotte reisa til Betlehem takka vi Astrid og Linda for at vi fekk
kome.
Det var på tide å returnere til barnehagen, men vi måtte ha oss ein matpause, også sjekke elva først. Det var kjekt å sende pinnar frå den eine sida av gangbrua og springe over på den andre sida for å sjå den kome seglande i straumen.
Barna skal få kjennskap til grunnleggjande verdiar i kristen og
humanistisk arv og tradisjon (Rammeplanen 2017).