I dag har Grå revane vore på tur til Bedehuset. Der er
det så flott å leike, og der er det bålpanne som vi kan lage mykje god mat på.
I dag var det bursdagsfeiring så da slo vi på stortromma og laga popcorn på
tur.
Først måtte vi ha den harde tørre maisen i ei sil. Her
skulle den få ligge til den blei varm.
Vi venta tålmodig rundt bålpanna og bang sa det! Bang - bang - bang - bang.
No byrja popcornet å smelle! Dei blei kvite, store og luftige.
Med kvar vår kopp fekk vi smake på. Mmmmm, dette var
godt! Nokon syntest at vi skulle hatt krydder på.
Kråka stod på lur! Og trur ikkje du at den stakk av
med litt popcorn som hadde landa på bakken?! Ja, ja, den kosa seg nok. 😊