I vår var
det ivrige barn som hadde god jord i pallekasser, vatna, planta frø og sette
poteter bak barnehagen. Det var gulrot, reddik, neper og sukkererter. Vi såg på
dei bitte små frøa og dei som var litt større, skulle det virkeleg bli
skikkelege grønsaker??
Vi samarbeidde og sådde.
Og tenk at frå ei sånn mammapotet kan ein få mange poteter,
det er nesten ikkje til å tru!
Men det
gjekk ikkje lenge så byrja det å vekse og vi måtte vere flinke å vatne,
for det
treng dei for å vekse. Og så håpte vi på mykje sol og varme.
Der var små gulrøter, dei var litt for små og dei sette vi forsiktig ned i jorda igjen. Det gjorde vi med nepene også, men det var sukkererter og dei var berre knallgode!! Både alle ertene som var inni og skalet utanpå.
Reddikane
vaska vi litt og smakte på, det var litt anna smak.
No er vi
veldig spent på potetene om der er mange potetbarn nede i jorda og alt vi skal
lage av potetene. Koke dei, potetstappe, steike dei inn i omnen, potetgull,
chips og sikkert mykje anna.
R.pl.: «Barna skal få undersøkje,
oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt». s.22