NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 14. oktober 2018

Hjarteprogrammet - på tur


I hjarteprogrammet er sosial kompetanse delt inn i tre hovudtema: EG, DU og VI
Det handlar om å få fokuset frå eit barn, til eit nytt barn, og vidare til heile barnegruppa. Dette vil vi gjerne ha fokus på i kvardagen, og då også på tur.


Harane var på tur til barnehagen sin lavvo tidligare i haust, og der var det kome ei elv på grunn av alt regnet som har kome ned. Når vi leika oss i skogen der, så var det nesten litt vanskeleg å gå bortover den eine stien på grunn av at der var så mykje vatn. Vi lata som vatnet var lava, og ga barna i oppgåve å få alle saman med seg frå den eine enden til den andre.


Etter vi hadde studert lavaen ei stund så kom barna på mange ulike idear om korleis vi kunne kome oss vidare. Det blei blant anna bygd ei bru. Den første knakk når ein trakka på den, så da måtte ein finne eit anna materiele som var sterkare slik ein kunne gå trygt over.


Frå stein til grastue - til mose til stein. Her måtte ein hoppe og vente på tur slik ein ikkje hoppa på andre. Av og til var det litt langt for nokon å hoppe – då er ei hand å halde i godt å ha!


Og rakk ein ikkje fram med handa si, så fann barna kvistar på bakken som dei kunne bruke. For ein fantastisk gjeng! Hjelper kvarandre og støttar kvarandre. 

Frå eg skal over lavaen, til du skal over lavaen, til vi skal over lavaen saman!

I løpet av denne turen er barna innom mange av fagområda vi har i rammeplanen – dette gjennom blant anna problemløysning, bruk av ulike materiale frå naturen, samarbeid, samspel, turtaking, fantasi, rørsleglede, trivsel, meistring og fellesskap.