Då er vi i gang med nytt barnehageår. Og du kan
tru vi har gleda oss. Nye og gamle vennskap møtast og skaper nye kjekke
barnehageminner.
I dag var dei eldste på den raude avdelinga på tur opp til
leikeplassen til barneskulen.
Vi øvde på å gå i turtau, vente på kvarandre og
passe oss i trafikken. Det var ein flott tur og alle hadde det så kjekt saman!