Denne første
tida har vi nytta til å verte kjende med den nye fine barnehagen vår, eit nytt
uteområde og mange nye barn og vaksne. Det vil etter kvart kome gjerde slik at
vi får eit eige uteområde, men enno er vi i lag alle saman. Det har vore
spanande for mange, spesielt for dei med eldre søsken, men og litt skummelt for
nokre av oss. Då er det godt med nære vaksne som dei kjenner godt frå før. Vi
har og brukt denne første tida til å verte kjende med fire nye barn som vart ein del av gruppa vår, no når vi starta opp
etter påske. Det har vore kjekt å verte kjende med dei 😊
Og no får vi
god bruk for det vi har lært knytt til hovudmålet dette året: At barna skal lære
å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Det er ein overgang å
ikkje lenger vere dei minste i barnehagen og sjølv måtte ta omsyn til mindre
barn.
Kjekt
å utforske det nye uteområdet. Skal tru om sanden smakar like godt her som nede
på brakkene? 😉 Her får vi brukt både sansane våre og
vi må koordinere rørslene våre.
- Gjennom
arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar
motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar.-