NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 7. juli 2017

Ekorna på tur til Ulvestadvikane

Sist veke gjekk Ekorna på tur til Angelsneset og ned til Ulvestadvikane. Dette er ein av dei lengste turane Ekorna har gått, og det gjekk kjempe bra! 


Vi gjekk via Ulvestadvegen, og ned ein skogsveg til fjøra. Når vi gjekk ned skogstien fekk nokre av borna kjensla av at vi gjekk inni eit rom fullt av store tre.



Først gjekk vi bort til ein gapahuk, og så fann vi ein sandvolleybane. Her fann vi insekt i sanden, og vi laga mønster med pinne i sanden. Til slutt kom det så mange fluger som plaga oss at vi vandra ned til fjøra. 


Det var så mykje spennande her i fjøra. Vi skulle sjå kva liv vi fann her, men først måtte vi kaste litt steina i sjøen.



Når vi kasta stein så fann borna ut at det var noko på steinane. Dette måtte vi studere litt med både å sjå og kjenne på. Til slutt såg vi ein til ut i sjøen som såg ut som ein blome. Da kom vi på at dette var ein sjøanemone/sjørose.


I fjøra fann vi både sjøstjerne, glasmanet og krabbe som var så spennande å studere. 



Vi åt oss ein god og velfortent lunsj, medan vi såg utover sjøen. Kanskje kom det eit sjørøvarskip? Nei, kanskje vi skremte piratane vekk når vi kasta stein i vatnet? 


Men brått fekk vi besøk av eit troll som hadde tang og tare til hår! 


Etter maten kosa vi oss litt til i fjøra, før vi etter ein innhaldsrik og veldig kjekk dag vende nasa til barnehagen igjen.