På Ekorna har vi fokus på at borna skal få både grov-
og finmotoriske ferdigheiter og erfaringar. Målet er at borna skal tileigne seg
grunnleggande motoriske ferdigheiter og beherske kroppen, som vidare bidreg til
at borna lærer seg sjølv å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsler skaffar barn
seg erfaringar, ferdigheiter og kunnskap på mange områder (Rammeplanen 2011).
Vi har hatt fokus på finmotorikken ved blant anna å
gjere aktivitetar som å pusse tenner, ta i mot ball, klatre, kle på seg sjølv
og ulike formingsaktivitetar.
Når vi teiknar eller måler så øver vi på «blyantgrepet». Borna skifter ofte mellom
forskjellige grep.
Gjennom nabbing vil ein også trene på finmotorikken.
Finmotorikken handlar om dei minste og mest detaljrike rørslene borna gjer. Når
dei nabbar vil dei bruke fingrane til å plukke opp nabbiperler, og utføre ein
rørsle mot små mål. Gjennom dette blir det ein del auge-hand koordinering, og ein
viktig del for den motoriske utviklinga er nemleg å øve seg på auge –hand
koordinasjon.