I går kom dagen vi har venta på såååå lenge!
Endeleg vart det varmt nok til å bade ute!
Medan
vi venta på at sola skulle kome på terrassen hadde vi piknik på teppa våre.
Vi
måtte sjekke temperaturen opp til fleire gongar før det vart klart til bading.
Vi bar mange bøtter med vatn, minst tusen liter !
Vi
hadde også såpeboble som vi leika med. Litt vanskeleg, men øvelse gjer meister!
Vi
avslutta dagen med smoothie.
Her
er oppskrift til den som vil prøve :
v Banan
v Frosne
jordbær
v Yoghurt ( Husk laktosefri eller soya yoghurt til dei
med allergi)
v Passe mengde med appelsinjuice til ønska konsistens.
....................................................
Også i dag har vi bada.
Gurinesbukta er berre ein nydeleg stad.
Vi er bra heldige som har så flott eit nærmiljø.
VI YNSKJER ALLE SMÅ OG STORE
GOD SOMMAR!