NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 6. februar 2015

BOKBÅTEN EPOS


I dag har Harane besøkt bokbåten

 EPOS.




Der fekk dei møte Klovnen Knut som skulle invitere sin beste 
venn Rufus Roff på middag.



I denne forestillinga inviterer Klovnen Knut sin beste firbeinte venn til eit utsøkt måltid. Faktisk verdas beste middag. Det er mykje som skal forberedast: Bordet skal pyntast og bestikk settast fram, før maten omsider blir laga og Rufus Roff gjer sin entre. Mykje å hugse på og ikje alltid like lett å halde tunga i rett munn for ein raudnasa vert som slit med uregjerlige blomster, vasar  med vasar og bestikk – og elles surrar med det meste. Alt går vel ikkje heilt etter oppskrifta. Meir som når ein kjøttrett “faller i fisk”. Her der det duka for tryll og tøys, overraskingar og misforståingar etter som førebuingane skrid fram. Og så er det Rufus Roff da; ein firbeint sjarmerande ulldott som heller ikkje gjer jobben som middagsvert heilt enkel, men desto meir morosam og magisk. Obs! Angst for søl og leik med mat? Slapp av – her er det meste på det tørre.




Før forestillinga fekk vi sjå i nokre av bøkene som dei hadde på båten.