Mandag hadde vi bursdagsselskap for maskoten vår Bruno i skogen oppe ved lavvoen! Han
såg ut som ein konge der han sat i ryggsekken. Han fekk seg ei revepute i
presang, og sjokolademuffins og gele til mat.
Trur både han og dei andre Revane har kosa seg! Bursdagsbarnet med 6 lys
på kaka! Vi song bursdagssang både på norsk og engelsk!
Etterpå var det oppdagelsestur ute i skogen! Utruleg mykje spennande å studere! Vi såg masse dyrebæsj og dyrespor. Trur det
var rådyr, og kanskje ein hare som budde ute i skogen. Vi såg masse sopp på
steiner og tre! I ein roten trestamme budde det mange småkryp. Vi fann både
edderkopper, små makker og andre småkryp. Vi gler oss til å sjå om det er endå
fleire insekt i trestammen når det blir meir vår!