Då
har vi på Bikuba hatt den gleda å ynskje både barn og foreldre velkomen til
eit nytt barnehage år. Det er ei spanande tid for oss her i barnehagen når vi
skal ta imot nye barn og nokre nye foreldre. Det er ei stor ære å få lov til og
bli ein del av disse barna sin kvardag og vi ynskjer å gjere denne
oppstartstida så god som mogeleg.
Barnehagen sitt formål er å ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme
læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, i samarbeid og forståing
med barna sin heim (Rammeplan for barnehagen).
Tjo og hei…..no har vi starta!