Denne dagen ville vi opp til gapahuken for å leike i den magiske skogen. Der oppe såg vi at trea har begynt å miste nokre av blada sine og ein god del av blada hadde endra farge. Vi fann mange nøtter på bakken og sopp fann vi både på bakken og på eit tre. I skogen nedom Gapahuken er der ein magisk stein og ei fin hytte ein kan krype inn i. Kjempekjekt å leike her!! Det er og mykje god trening for balanse og uthald på ein slik tur. Vi får nytta både hørsel- lukt- og taktilsansen vår i møte med skogen. Og vi må ta omsyn til kvarandre. 😊
Det
var spanande å sjå dei rare soppane som vaks på bakken og på treet.