NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 30. juni 2019

Grå og Raud avdeling hadde Taremareby-avslutning i fjøra


Etter Påske har Grå og Raud avdeling hatt temaet Taremareby, og vi har i løpet av den tida blitt kjent med forteljinga av Ingebrikt Davik, vore på utforskartur og blitt kjent med livet i sjøen.



Torsdag 27.juni gjekk vi samla ned til fjøra for å sette eit siste punktum for temaet. 
Vi hadde laga bingo og var klar for å leite blant fjøresteinane.

Kanskje vi finn krabber, tangloppe, ulike typar skjell og tang?


Vi måtte samarbeide for å finne krabber og andre spennande sjødyr. 
Ein løfta stein og tare medan andre stod klar for å fange.



Etter at vi hadde samla inn, så la vi det ved bingolappen.


Vi samla og sorterte.


Vi fann ein del søppel også i fjøra. Det kasta vi i boss!


Etter mykje leiting, utforsking og undring så var det godt med ein matpause og ein liten kvil før vi tok beina fatt opp igjen til barnehagen.

Barna skal få oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen (…) og få kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikle respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
(Rammeplanen for barnehagen 2017)



onsdag 19. juni 2019

Magisk sykkeldag!!

Fredag 14.juni slo Grå og Grøn seg saman heile dagen i det superfine været! Vi starta dagen med magisk sykkeldag, der vi fekk sykle rundt og rundt heile barnehagen. Kjempekjekt! Vi var flinke å stå i kø borte med købenken, der vi bytta på kven som skulle ha dei ulike syklane etter å ha sykla på dei 5 runder kvar.  






Vi brukte alle syklane vi hadde. Vi susa rundt med sparkesyklar, sykkel uten trøe, «bussen» som vi hadde passasjerar på, og dei vanlige syklane med trøer.

 



 

Vi var kjempeflinke til å samarbeide! Ein satt på, medan ein trødde og ein skudde bak.



Godt med litt kaldt vatn i varmen! Vi hadde laga til ein drikkestasjon undervegs. 



Litt smøring undervegs med solkrem måtte til den dagen.

 

Sjå kor heldige vi var! Nokre av barna hadde vore på biblioteket, 
og når dei kom tilbake i barnehagen hadde dei med seg ein overraskelse til oss.

 Jippi, vi fekk is!  
Vel fortjent etter all syklinga rundt barnehagen i dag. 
Vi hadde ein kjempekjekk dag ilag alle Grå og Grøne. 

torsdag 13. juni 2019

Finfin fredag for Blå avdeling :)







Blå avdeling gjekk fredag 7.juni på tur bort til gamle bedehusbarnehagen, og det supre inngjerda leikeområdet med sandkasse, sklie, mange fine tre og eit ulendt terreng som er godt egna for god grovmotorisk trening. 

                    





Litt trening fekk dei også i trappa ned og opp i frå leikeområdet. Her var dei flinke å vente på tur, slik at alle fekk gå i sitt tempo og på sin måte. Nokre syntes nok trappa var litt skummel, men med god oppmuntring kom alle seg både ned og opp :) 


I sandkassa var det også leiker barna fekk bruke. 


Mange fekk også god fart i sklia, så det var jammen bra der stod ein trygg vaksen og tok imot. 





På leikeområdet nede i skogen fekk barna utforske området noko dei syntes var veldig spanande. Nokre av dei gjekk fram og tilbake, medan andre fant roa på ein stad etter litt utforsking. 

Vi hadde med andre ord ein spanande og innhaldsrik tur som vi var enige i at den måtte gjentakast seinare :) 

lørdag 8. juni 2019

Snigel på Blå



Ingen barnemark, men snigel har vi på Blå!
God helg til store og små

Undretur med ei gruppe frå Raud avd


Borna har denne veka vore på tur i nærmiljøet og den lokale butikken. 
Borna er flinke til å samle flasker som blir liggende igjen i naturen. 
No var det tid for å pante  flaskene på butikken. 
På vegen møtte vi på ein flott lastebil som fenga interessa til borna. 
Og vi måtte berre stoppe å undersøke!


Det viste seg at lastebilen var stapp full av varer som skulle inn i butikken. 
Vi såg mellom anna pizza, blomster og masse cola som vart frakta inn i lageret til butikken. 



Borna var svært imponert over lastebilsjåføren som kom med lass på lass med varer! 
God underhaldning var det! 


Tenk at lastebilsjåførane køyre rundt i heile Noreg å fyller på varer i alle butikkane våre! 
Vi er jammen heldige!

Grevlingane på jakt etter småkryp

Onsdag gjekk Grevlingane på tur til skulen sin gapahuk. 
Målet vårt var å finne småkryp, men det var ikkje så enkelt. 
Kanskje det var på grunn av regnet? 


Vi fann masse nøtter og mose som vi tok med oss 
nedatt til barnehagen for vi skal lage eit naturbilde av det. 
             

Etter masse leiting i skogen var det på tide 
med mat. 


Marion og Eva hadde tatt med seg 
overraskelse, det var sjokomelk og kjeks. 
Det var kjempe godt. Medan vi åt maten vår høyrte 
vi regndråpene på taket. 


Etter mat, sjokomelk og kjeks tusla vi oss nedatt til 
barnehagen.

Raud gruppe 2 på tur i fjøra!


Vi skulle finne krabbe krølle, men med litt for høg flo,
hadde han nok gjømt seg...
Vi fant mange strandsnegl, hjerteskjell og blåskjell.
 


 





Vi kasta stein i sjøen, det var spennande!