NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer
2stk BARNEHAGEASSISTENTAR (heiltid) frå 01.12.18
Tryggheim Barnehage Vatne flytta inn i nye lokale våren 2018. Frå nov/des
18 opnar vi ei ny småbarnsavdeling og treng difor nye tilsette.
Vi ynskjer at barna, foreldra og dei
tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. Visjonen vår er: «Vi
ser og blir sett.»
Kvalifikasjonar og personlege
eigenskapar:
- Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert
tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne
verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt
for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
- Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
- Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser
kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
- Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
- Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik
og utvikling
- Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
- Assistenten har medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i
barnehagen, for eksempel: samlingsstund, aktivitetar, frileik,
rutinesituasjonar
- I tillegg skal assistenten ha ansvar for at dei praktiske
arbeidsoppgåvene blir gjennomført i samarbeid med resten av personalet i
barnehagen
- Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med
føresette
Vi kan tilby:
- Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har
eit nærmiljø som gir rikeleg moglegheiter for turar utom barnehagearealet
- 5 ordinære avdelingar
- Eigen kjøkkenassistent
- Lønn etter PBL tariff
- IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein begynner.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom
NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast
og innan 01.08.18.
For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.:
47663351
Send søknad og CV til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Søknadsfrist omme
Tilsetting i løpet av aug/sept -18
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Søknadsfrist omme
Tilsetting i løpet av aug/sept -18