NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 22. februar 2019

Barna på Grøn avdeling lagar sitron- og ingefærrotjuice



Det er kjempeviktig å drikke masse når det er så varmt som det er i Vest-Afrika. Av og til er det godt med noko anna enn vatn. I dag har vi på Grøn avdeling laga ein  kjempegod ingefær- og sitronjuice. Denne er ganske sterk, men også veldig god!
Her har du oppskrifta:
Du treng 150 g ingefær i biter med skal på, 3,5 dl vann, eller så mykje som må til for å dekke ingefæren, saft av 4 halvstore sitronar,  2,3 dl sukker og 1,7 liter vatn.
Skjer ingefærroten opp i mindre bita. Legg bitane i foodprosessor i lag med 3,5 dl vatn, slik at det dekker ingefæren. Køyr foodprosessoren til det ikkje lenger er klumpar av rot igjen. Bruk sil, eller noko som liknar, og skil ut vatnet frå ingefæren i ein stor bolle, heilt til det ikkje lenger renn vatn av «grauten».
Bland ingefærjuice, sitronjuice og sukker saman, heilt til sukkeret ikkje lenger synast. Bland deretter oppi 1,7 liter vann, eller meir, alt etter kor sterk/svak juice du vil ha.
Serverast kald!
Vi på Grøn har lenge planlagt å lage slik juice som dei brukar i Vest-Afrika. Heile denne veka har vi snakka, sett, kjent, lukta og smakt på ingefærrot og sitron.  Alle var klar til å gå i gong!

 Først starta vi med å sjå på alt vi skulle bruke og 
repeterte litt kva dei ulike tinga heiter.




 Vi skar opp ingefærrot i små bitar.





All ingefærrota hadde vi opp i blendaren og hadde vatnet oppi.


 Vi pressa ut sitronsafta:

Etter at vi hadde sila ingefærrota og sitronsafta, målte vi opp sukker og vatn. 
Vi blanda alt opp i ein bolle og rørte godt rundt. 


Vi samarbeidde, venta på tur og hadde ei kjekk stund medan vi alle hjelpte til 
å lage slik juice som dei brukar i Vest-Afrika.
Så var vi klar til å smake.  Tenk å lage sin eigen juice, det kan anbefalast!!


«Barnehagen skal leggje rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna» (RP,2017)

torsdag 21. februar 2019

Misjonssamling om Mali og Elfenbeinskysten


Frå nyttår av har vi hatt ulike misjonssamlingar her i barnehagen. 

Årets misjonsprosjekt handlar om Mali og Elfenbeinskysten.


Her har vi besøk av Hege Dalhaug frå NLM ung.

Borna har gjennom song og ulike aktivitetar fått blitt kjent med dyra, maten og korleis menneska der lever. At husa deira ser annleis ut, at maten og frukta smakar litt annleis, enn det den gjer her heime i Norge. Der bor også veldig mange spennande dyr, som løve, elefant, ape og krokodiller. Vi har sunge om dei ulike dyra, høyrd på kva slags lydar dyra lagar, og sett på bilete av dei. 

Vi har også fått utfolde oss kreativt her i barnehagen med å måle og teikne dei ulike dyra og også flagga.



Vi har også sett på skilnaden mellom oss som lever her i Noreg, og dei som lever der, både korleis husa ser ut, kleda dei brukar og at dei aller fleste har dyr i hagen sin.  
Gud har skapt oss alle, så vi har like stor verdi. 

Mange som bor i Mali er fattige, og fleire av dei som bor der  arbeider som gullgraverar, og på grunn av det er der veldig mange store hol i bakken, som er farlig for dyra som bor der. Mange av husdyra fell nedi og då kjem dei seg ikkje opp igjen. 

Dette er noko av det misjonsprosjektet går ut på i år, at vi skal samle inn pengar slik at dei kan klare å få tetta hola igjen. 

I samlingane syng vi om "dyra i Afrika", har gravd i "månesand" for å leite etter gull, vi har også smakt på ananas, sharon og mango som er typiske frukter derifrå!

Her kan dykk sjå litt frå ei av samlingane våre på Blå avdeling, der vi grov etter gull og lagde afrikanske rytme med blant anna trommer etter misjonssamlinga!








mandag 11. februar 2019

MANGO


På Grøn avdeling har vi lært om mango, at den veks på tre i Vest-Afrika. Er trea høge, må ein stå på noko for å nå opp? Vi undra oss i lag.
Vi såg på globusen at det er ei lang reise til Norge med båt, for så å bli køyrt i trailer eller tog, for så vidare til eit nytt lager, før det blir køyrt til butikkane på Vatne. Det er litt vanskeleg å klare å tenke at dei mangoane vi hadde i barnehagen hadde reist så langt!! Heilt frå Elfenbenskysten og tenk no var mangoen her med oss!!


Vi såg på mangoane, den vart sendt rundt, så alle kunne sjå og kjenne på den og så seie noko om den. Her er noko av det som vart sagt:

·       Grøn
·       Litt brun og små prikker
·       Stilk, den som den hang fast i treet med
·       Same forma som egget, oval
·       Glatt
·       Gyngete når den låg på bordet
·       Litt tung

Når vi skar den opp, var den hard inni, for der var det ein stor stein! Vi var spent på fargen inni, det var det mange som visste, den var «gul-orange».





Åh, det var kjempegodt! Det var også tørka mango, som vi smakte på.

Etterpå såg vi film, når dei plukka mangoen frå trea, som kan vere høge. Dei hadde dei i store korger, som dei bar på hovudet! Der var apekatter og andre dyr som var der.

Tenk mangoane vi åt hadde reist den lange vegen frå treet, korga på hovudet, pakka i kasser, ført til båten og så den lange vegen til Norge og no i barnehagen med oss!!



SAMLING OM DET SAMISKE FLAGGET 07.02.19



I heile veke 6 har vi på Raud avdeling hatt markering om 
samefolkets dag som var 06.februar.

Torsdag 07.februar tok vi med gruppe 2 på Raud avdeling 
ut i snøen for å male det samiske flagget med sprayflasker.

Vi hadde tatt med fargane raud, blå, grøn og gul som det samiske flagget består av, og tatt det i sprayflasker, slik barna kunne sprute maling på snøen.

             


Nokre av barna synst det var litt vanskeleg å bruke sprayflaskene,
men med god hjelp frå dei vaksne så gjekk det så fint!




Til slutt blei det eit nydeleg bilete av det samiske flagget som barna sjølv hadde måla på snøen!!

I rammeplan for barnehagen står det at barna skal bli kjende med at samane er Norge sitt urfolk, og at barna skal få kjennskap til samisk kultur. (s. 56)

fredag 8. februar 2019

FØRSKULEBARNA LAGER MAT TIL FUGLANE


Gjennom arbeidet med Natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får oppleve og utforske naturen og mangfaldet der (RPL.17)
Denne gongen var det fuglane som var i fokus på turen, og då spesielt kjøtmeisa. Vi kunne høyre kråke, skjor og kjøtmeisa med sitt karakteristiske «titti fy titti fy».



Før vi laga fuglematen snakka vi litt om kjøtmeisa og kva vi måtte ha for å lage fuglematen.


Vi måtte sjølvsagt smake på frøa.


Etterpå var det frileik og nokre av barna laga «Plompestomp» i snøen, medan andre tok seg ein tur ned til isen.



torsdag 7. februar 2019

STUDENTAR I BARNEHAGEN


Lisa Kristin og Lise Mari er 1.års deltidsstudentar frå Høgskulen i Volda. Begge går på Barnehagelærarstudiet. Lisa Kristin er utplassert på Grå avd og Lise Mari på Grøn avd.

Eit av arbeidskrava dei har er knytt opp mot temaet Mangfald, barn og samfunn.

Onsdag 6. februar markerte vi Samenes nasjonaldag i barnehagen, og studentane kom i mål med første arbeidskravet i praksis. 
Dei har laga memory kort med motiv knytt opp mot markeringa av denne dagen.





Dei avslutta med å male flagget ute på snøen saman med barna. Ein fin måte å vise til mangfaldet vi har i landet vårt.


............................................................................................


Det samiske flagget representerar samane og Sameland, og har dei samiske fargane og ein sirkel som symboliserer sola og månen. 
Det gule og grøne skal syne naturen og dyra i samisk kultur. 
Flagget skal ha blitt til under inspirasjon av runebommen og diktet «Paiven parneh» av sørsamen Anders Fjellner.

tirsdag 5. februar 2019

Dansande rosiner på Gul!


Eit kjekt eksperiment med dei minste borna på Gul i dag. Vi fylte kullsyrevatn i eit stort glas, og alle var musestille og fekk høyre kor det brusa og bobla. 


Laila tok eit par rosiner i glaset og ein etter ein dansa dei i kullsyrevatnet! 


Borna fekk nokre rosiner kvar, nokre putta ivrig rosinene i glaset, mens enkelte syns dei høyrde meir heime i munnen. Som vi kosa oss! J



OPPTAK AV BARN I BARNEHAGE


Viser til informasjon frå Haram kommune:

OPPTAK AV BARN I BARNEHAGE

Hovudopptak for ledige plassar frå 15.08.2019

Søknadsfrist 1. mars

Kommunen har samordna opptak for alle barnehagane,
både private og kommunale.

Haram kommune har berre eit opptak i året, for å ha rett
til barnehageplass må barnet vere fødd ved utgangen av
november 2018 og ein må søkje innan fristen 01.03.19.

Informasjon og søknadsskjema finn de på www.haram.kommune.no.
Det skal berre nyttast elektronisk skjema.

Dei som alt har sendt inn søknad, treng ikkje søkje på nytt.

Dei som ynskjer å endre barnehage eller plass må søkje innan fristen.

Det vil verte nye vedtekter og nytt betalingsregulativ frå 01.01.2020
 i Nye Ålesund kommune.

Ta kontakt med barnehagen eller kommunen sitt
servicetorg, tlf 70 20 75 00, for meir informasjon.

Einingsleiar

mandag 4. februar 2019

VI SØKJER RINGEVIKARAR

NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer

RINGEVIKARAR
Tryggheim Barnehage Vatne flytta inn i nye lokale våren 2018. 
Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. 

Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
  • Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
  • Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
  • Ringevikar vil få medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, for eksempel: samlingsstund, aktivitetar, frileik, rutinesituasjonar
  • I tillegg vil vikar ha ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene blir gjennomført i samarbeid med resten av personalet i barnehagen
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikeleg moglegheiter for turar utom barnehagearealet
  • 5 ordinære avdelingar
  • Eigen kjøkkenassistent
  • Lønn etter PBL tariff
  • IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 11.02.19.
For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 96948829
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/
Send søknad og CV til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no