NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 28. oktober 2018

LITT AV FØRSKULEBARNA SIN HAUST


Torsdagar har Revane tur på planen. Vi bruker nærområdet til utforskning og læring.
Sunnmøre friluftsråd har ei grindløe i Gurineset som barnehagen ofte nyttar seg av. 



Revane kan velge om dei vil feire dagen sin ute på tur eller i barnehagen. Sist bursdag feira vi i grindløa med sjølvlaga eplemuffins. Denne gangen måtte vi lage dei i barnehagen før vi gjekk på tur, grunna mykje regn og fare for at bålet skulle slokne.


Vi har invitert Harane til lunsj i «gamle Bedehusbarnehagen» der dei fekk servert suppe og eigne smørbrød på bål. Vi øver på å vente på tur.

Vi finn mange småkryp langs vegen og hjelper dei over vegen om vi må det. Her er ein snegl som fekk kome opp på eit lite blad.

Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får oppleve og utforske naturen og mangfaldet der og korleis  dei kan ta vare på den (RP. 2017).


Vi reflekterer mykje saman med barna om samanhengar i naturen, som korleis har den krabbekloa kome seg heilt hit opp, når den høyrer til i sjøen?




Vi har óg hatt samarbeid med Møre Kids Sport der vi har deltatt på prosjektet 
Moro Med Motor. Barna har fått kjørt eit elektrisk kjøretøy som barna kaller for ATV.
-        Stor takk til MA-rusfri trafikk Nordre Sunnmøre som har sponsa oss!


Elles har vi hatt samarbeid med skulen og gler oss allereie til neste møte i veke 46.
Kjekke elevar og lærerar som gjer sitt for at barna våre skal verte trygge til skulestart.

søndag 14. oktober 2018

Hjarteprogrammet - på tur


I hjarteprogrammet er sosial kompetanse delt inn i tre hovudtema: EG, DU og VI
Det handlar om å få fokuset frå eit barn, til eit nytt barn, og vidare til heile barnegruppa. Dette vil vi gjerne ha fokus på i kvardagen, og då også på tur.


Harane var på tur til barnehagen sin lavvo tidligare i haust, og der var det kome ei elv på grunn av alt regnet som har kome ned. Når vi leika oss i skogen der, så var det nesten litt vanskeleg å gå bortover den eine stien på grunn av at der var så mykje vatn. Vi lata som vatnet var lava, og ga barna i oppgåve å få alle saman med seg frå den eine enden til den andre.


Etter vi hadde studert lavaen ei stund så kom barna på mange ulike idear om korleis vi kunne kome oss vidare. Det blei blant anna bygd ei bru. Den første knakk når ein trakka på den, så da måtte ein finne eit anna materiele som var sterkare slik ein kunne gå trygt over.


Frå stein til grastue - til mose til stein. Her måtte ein hoppe og vente på tur slik ein ikkje hoppa på andre. Av og til var det litt langt for nokon å hoppe – då er ei hand å halde i godt å ha!


Og rakk ein ikkje fram med handa si, så fann barna kvistar på bakken som dei kunne bruke. For ein fantastisk gjeng! Hjelper kvarandre og støttar kvarandre. 

Frå eg skal over lavaen, til du skal over lavaen, til vi skal over lavaen saman!

I løpet av denne turen er barna innom mange av fagområda vi har i rammeplanen – dette gjennom blant anna problemløysning, bruk av ulike materiale frå naturen, samarbeid, samspel, turtaking, fantasi, rørsleglede, trivsel, meistring og fellesskap.

onsdag 10. oktober 2018

DET FINST IKKJE DÅRLEG VÆR, BERRE... ;-)

I går kledde vi på regn- utstyr, og kosa oss ute.
Finnes ikkje dårleg vær..😊



Med litt raudfarge og Zalo, hadde vi det 
kjempekjekt.



Vi laga farga vatn med såpeskum og utforska 
litt 😆 

Ein trivelig dag 😄 tross mykje nedbør 😉


 
Til lunsj fekk vi deilig hyse med potet og 
gode grønsaker.
 

torsdag 4. oktober 2018

Undretur i Vatnebygda vår


3. oktober 2018 var Grevlingane på undretur i Vatnebygda. 
Dei studerte elva, flotte haustfargar, regnbogen og båtane på småbåthamna. Dei kosa seg med mat i gapahuken i Gurineset. 
Ein flott tur i regnveret 😊




Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende 
med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda.

Rammeplan:55





Dei var ein tur oppom skulen også!😊