Torsdag 11.mars var Grå avdeling så heldig at vi vart invitert til påskevandring i kyrkja. Vi vart tatt imot av Jorunn Bakke Orvik, som skreiv opp namna våra, og så spelte ho fine påskesongar til oss.
Etterpå fortalte presten om Jesus som vaska føtene til disiplane sine, og om påskemåltidet han hadde saman med dei. Barna fekk vere med på eit høytidelig påskemåltid med raud saft og kjeks.
Etter måltidet, studerte vi altertavla som Tavle‐Jakob hadde laga. Vi såg fine figurar av Jesus og vennane hans. Då presten avslutta, ville barna gjerne høyre meir. Det var spennande å høyre om påskeevangeliet. Presten ønska dei velkomen tilbake ein annan gong. Vi avslutta med ein påskesang. Kjekt å få kome på besøk til kyrkja!
GOD PÅSKE FRÅ ALLE PÅ
TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE.