NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 2. mars 2021

Ein idyllisk dag med Gul💛

Tilbakeblikk på Torsdag 25.mars:

Gruppe 1: Tok seg ein trilletur i fineværet, turen gjekk bortom butikken og ned til elva og brua. 


Kanskje trollet var der, eller kunne ein sjå noko i elva, fisk kanskje? Kjekt å berre å høyre på vatnet som renn og sjå naturkreftene bevege seg også! Litt sang blir det alltid på tur, det gir turen god stemning. Vi sang om lille Petter Edderkopp; vi gleder oss til han kjem fram frå kriker og kroker igjen! For å unngå at nokon sovna, måtte enkelte ta beina fatt på veg heim😴😴

Gruppe 2: Dei måtte til sin store "frustrasjon" vere igjen inne. Med det i bakhaudet, kutta vi ut dagens aktivitet etter samling og gjekk ut vi også! Men først må vi fortelje kva vi gjorde i samlinga... Camilla hadde med seg både Noah's ark (båten) og ei stappfull samlingkasse, skal tru kva som var i den i dag mon tro?

Frøken kanin x3 som ville vere med i båten til Noah, ei skål med salat, og ei med gulrot, bilete av barna og samlingsbjella!! Wow. Først så såg vi kven som var i barnehagen, så sang vi om at vi var kome til barnehagen;

"God morgon god morgon her er vi igjen,
ja vi kjem så gjerne til barnehagen igjen,
vi synge og vi leikar vi har det så flott,
nei vi vil ikkje bytte med kongens fine slott..
NEI! God morgen"


Vi fekk helse på frøken kanin og alle gav ho ein god klem, så sang vi "lille Hasse Hare" som har ei flue både her og der = haudet, nasen, munnen, tunga og i magen.
 

Så fekk vi smake på både gulrot og salat som kanina også lika, vi likte veldig godt gulrot i stavar... det var trist når skåla var tom! Frøken kanin hoppa ombord i båten til Noah og seilte avgårde opp på benken, så då la vi på sprang ut, hoppa i dressane og gjekk på tur! 



Opp og rundt Solbakken og ned igjen, vi hoppa, kjente på og sprang gjennom kjempestore sølepyttar og observerte ein pus på ein veranda leeenge.


Når gruppene møttast utenfor porten var det gjensynsglede! Så var det tid for varmmåltid utandørs til ei forandring.

"Vil du inn?" "NEI" var svaret klart og tydeleg. 🥰