NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 8. januar 2021

Disko på Blå!

 Vi på Blå avdeling syng og dansar kvar dag, vi elskar musikk!

Onsdag hadde vi minidisko, til glede for små og store.

Borna er fascinerte av lyser som snurrar rundt og rundt på golvet.

Blå avdeling held fram med å lære om kroppen. 😊 No i januar har vi ekstra fokus på sansane. Vi vil la borna sjå, høyre, lukte, smake og føle seg fram til nye erfaringar.

Borna kunne fortelje at det kom raudt, grønt og blått lys frå diskokula! 


To av dei ivrigaste danserane i farta. 😊


Nokre prøvde å fange lyset, men då kom det oppå hendene – rart!

Godt nyttår frå Blå avdeling! 💙

torsdag 7. januar 2021

«Undringstur» med akebrett 6. januar 2021

I dag var det kaldt og fint ute. Og vi på gr.2 på Grøn avdeling kunne tenkt oss på aketur. Vi pakka sekken og la i veg. Bakken i Gurineset var opptatt, so vi la turen oppover bakkane. Gjekk til venstre, høgre, passa oss for bilar og måtte sjå på lastebil som rygga. Det var mykje å sjå og undre seg over.

Bakken opp til lavvoen, var plutseleg blitt til «Istappgata». Der som det før brukte å renne vatn nedover berget, var det lange istappar.


Dei måtte vi kjenne på, smake på og forske litt på. Den var iskald, glatt og når vi heldt den i handa smelta den. Mm den smakte kjempegodt!!

Men brått fekk vi sjå nokre store spor oppe på det bratte berget! Kven var det som kunne ha slike fotspor? Katt, hund, gaupe, rev, ulv, bjørn?? Det var mange forslag, men vi var einige om at bjørnen ligg i hiet sitt og søv, so det kunne det i alle fall ikkje vere.



Det var dyrespor og menneskespor. Spor som hadde pute og spor som hadde klauer. Vi trudde og meinte vi såg hjort, rådyr og nesten heilt sikkert ulv!!


Vi måtte lage slush, men den smelta veldig fort. Og plutseleg so såg vi trollet inne der og då vart det Bukkane Bruse sangen!

Vi måtte sjekke om det gjekk an å renne seg på råsa, men det var litt for tregt.

Og plutseleg kom vi til garden. Vi gjekk på ei lang rekke mellom huset og stabburet og nedafor huset var det den bratte bakken. Den måtte vi prøve – det gjekk so det susa!!

Vi venta til det var klar bane.


Vi hjelpte kvarandre opp den siste kneika. So var det tilbake til lavvoen og ete mat. Det smakte jammen godt. 

Inne i lavvoen tente vi lys, slik vi skulle sjå litt meir og så var det veldig koseleg.

Og så var toget klart til heimveg til barnehagen og Grøn avdeling på ein kald, men kjempefin dag i januar.


mandag 21. desember 2020

Raud nissefest

16.desember hadde Raud avdeling nissefest. Vi starta dagen ute med bål og leik. Så koselig i vintermørket til roleg julemusikk. 

Barna viste stor respekt for bålpanna, så det var ingen problem.

Etter kvart når alle var på plass, blei fart i julemusikken og på med diskolampe. Det blei kjempe stilig i mørket. Vi lyste opp heile barnehagen i diskofargar! 

Kl.09.00 vart det servert nissegraut. "OJ, den var god" kom det frå borna. For ein kjekk nissefest vi hadde!  

søndag 13. desember 2020

Santa Lucia

Tradisjonen tru vart Santa Lucia feira i barnehagen. Men dette året måtte det verte på ein Korona tilpassa måte.


I stadenfor å kome inn på kvar avdeling med Luciatog og Lussekattar gjekk Grå avdeling ei runde ute rundt barnehagen på morgonen medan det enno var mørkt.

Og Lussekattane vart i staden baka på kvar avdeling, der alle fekk sin eigen Lussekatt til 2 måltidet.


Svart senker natten seg
I stall og stue
Solen har gått sin vei,
Skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia

Natten er mørk og stum
Med ett det suser
I alle tyste rom
Som vingene bruser
Se, på vår terskel står
Hvitkledd med lys i hår
Santa Lucia, Santa Lucia

Mørke skal flykte snart
Fra jordens daler
Slik hun et underfullt
Ord til oss taler
Dagen skal atter ny
Stige av røde sky
Santa Lucia, Santa Lucia

Tusen takk til Grå avdeling for godt gjennomført feiring. Dokke sang så fint!

lørdag 12. desember 2020

Betlehem av naturmaterialer i barnehagen

Denne veka har Edderkoppane hatt såå fin leik ute med naturmaterialer. 

Her har Betlehem blitt bygd av steinar, gras og plankar. Hovedrollene er kongler av ulik størrelse. Vi ser godt at julebudskapet har satt seg under huda på borna. 

Nokre nye element har tatt plass også. Litt dinosaurar, Moa-handling og bilar til jobben.


Dei syng så det ljomar: "Engelen Gabriel kom frå himmelen. Kom til Maria i Nasaret. Maria, Maria du skal bli mor, et barn skal du bære til Herrens ære. En sønn skal du få i en seng av strå. Og han skal forkynne Guds ord"

 

fredag 11. desember 2020

Hei og hå! Ei adventshelsing frå Raud avdeling

På Raud avdeling er vi godt i gang med både juleevangeliet og ulike prosjekter opp mot jul.


Under morgonsamling har vi tre songar som er i fokus. Vi startar med å tenne lys og synge «Nå tenner vi …», vidare fortel vi om evangeliet, om at Jesus blei født. Vi tek fram dei figurane frå julekrybba vår som vi fortel om slik at barna får sjå.

Vi tek utgangspunkt i «Den første julen». Den er kort og konkret med mange flotte bilete. Barna følgjer godt med.


Etter det syng vi «Eit barn er født i Betlehem». 
Den melodien brukar vi når vi syng for mat også, så den kan vi godt.








I taket på avdelinga har vi hengt opp lys, julepynt og hjarter med ulike tal på. Det blir tatt ned eit hjarte for kvar dag i desember, og på hjarte skal eit barn få namnet sitt skrive på saman med ei lita personleg helsing. Barnet som får hjarte, får også sitte med nisselue og grautskål – då syng vi «På låven sitter Nissen». Den er veldig populært. «Igjen, igjen» blir det ropt.

Vi er også godt i gang med juleverkstad og baking. Her er nokre småglimt:





             


«Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn» (Rammeplanen, 2017)

mandag 7. desember 2020

Adventssamling på Grøn avdeling 7.desember 2020

 No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far

skal sende sonen sin.

Etter at vi hadde tent to lys i adventsstaken vår, reiste vi til Betlehemsmarkane. Der var gjetarane å passa på dyra sine om natta.

Plutseleg vart det heilt lyst og det kom ein engel til dei og fortalde at det var fødd ein Frelser i Betlehem, dei skulle finne eit barn i ein stall. Dei for dit og fann barnet hjå mora Maria, dei fall på kne og hylla det.

Etterpå for dei tilbake til Betlehemsmarkane og fortalde alle som ville høyre på kva dei hadde opplevd. Vi song: «Eg er så glad kvar julekveld for då vart Jesus fødd..»

Vi på Grøn har to adventskalenderar. Den eine tel vi ned til julaftan med å lime bomull på skjegget til nissen og i dag var det den 7. desember. Det er veldig spennande kven sitt namn vi trekkjer.

Den andre adventskalenderen vår på Grøn avdeling er at vi gir pengar til barn i Indonesia, slik at dei kan få det litt betre. Som f.eks at dei skal sleppe å drikke skite vatn! Alle har hatt med seg ei lita innepakka øskje og så er det kvar sin gong å få putte pengane på bøssa.

Det er glade barn på Grøn som gir pengar til barna i Indonesia!

Vi avslutta med å synge «yndlingssangen» vår:

Engelen Gabriel kom fra himmelen,  

kom til Maria i Nasaret.                                                                                         

Maria, Maria du skal bli mor,                                         

et barn skal du bære  

til Herrens ære.  

Og han skal forkynne Guds ord.