NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg

mandag 8. mars 2021

FARGEFEST 💙

Fredag 5.mars hadde vi fargefest på Blå. 

På førehand hadde vi laga fargerik pynt til avdelinga.

Vi kledde oss i fine fargar og fekk matchande kroner som borna fekk pynte sjølv. 😊

Om formiddagen hadde vi ulike fargeaktivitetar med mellom anna maling. 😊

Før lunsj hadde vi fargesamling der vi song fargesongar, mellom anna «Se min kjole». Borna var veldig flinke til å peike på dei ulike fargane vi snakka om. 😊

Vi hadde litt fargerik fingermat i tillegg til pizza til lunsj.


På ettermiddagen gjekk vi ut i snøen, det var som eit 

blankt lerret vi berre måtte male litt på 😊


Vi på BLÅ ynskjer deg ein fargerik dag vidare. 💙

fredag 8. januar 2021

Disko på Blå!

 Vi på Blå avdeling syng og dansar kvar dag, vi elskar musikk!

Onsdag hadde vi minidisko, til glede for små og store.

Borna er fascinerte av lyser som snurrar rundt og rundt på golvet.

Blå avdeling held fram med å lære om kroppen. 😊 No i januar har vi ekstra fokus på sansane. Vi vil la borna sjå, høyre, lukte, smake og føle seg fram til nye erfaringar.

Borna kunne fortelje at det kom raudt, grønt og blått lys frå diskokula! 


To av dei ivrigaste danserane i farta. 😊


Nokre prøvde å fange lyset, men då kom det oppå hendene – rart!

Godt nyttår frå Blå avdeling! 💙