NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 15. mai 2020

Vårtur i vinterlandskap



Kohort gruppene 3 og 4 på Blå avdeling tok torsdag 14.05 beina fatt og la i veg på tur med turtauet.

På planen til avdelinga står å få kjennskap til årstida vi er inne i no, VÅREN.
Men, skal det vere så mykje snø ute når våren er her da …?

Dyktige små som gjekk heilt opp til lavvoen. Det var ikkje berre berre når snøen hadde lava ned og lagt seg som eit tjukt kvitt teppe.







Sjå den lange, bratte bakken vi klarte å gå opp! På toppen måtte vi ta ein pust i bakken med eit lite grovkjeks i handa ..



Etter litt energi påfyll var vi klare for siste etappe opp til turmålet, lavvoen i skogen.

Den var nesten dekt av snø, så vi måtte koste vekk snø før vi kunne opne teltopninga og gå inn i teltet.




Her var det fint å sitte!







Vi fyrte i omnen og fekk varme pølser med brød, og varm saft i koppane våre. Det smakte jammen godt etter ein lang og strevsam tur!










På utsida av teltet kunne vi leike i snøen, og då laga vi ein snømann og pynta den med små kvistar til hår.


 


Sjølv om det var mykje snø ute såg vi små teikn som vitna om at våren er på veg.

Snø som vert varma av sola og som smeltar om til vatn..

 

Grøne små skudd som bryt seg fram gjennom snøen ..


Frys blada på trea og graset på bakken no skal tru? 

På vegen attende til barnehagen gjekk vi ned den same bakken som vi gjekk opp – det var mykje kjekkare å gå ned ! 
Vi gjekk, sprang, datt, sila på rumpa og rulla i snøen. 
 

Latter og god stemning. Slitne og nøgde. Gode vener på tur.  💙




Snøleik på Gul avdeling

Her kjem eit lite blogginnlegg frå Gul kahort 3 og 4. 
På torsdag 14.mai kosa vi oss ute med snøleik frå morgonen av. 
Vi prøvde å lage snømann, men det var ikkje så enkelt. 
Såpebobler og musikk var topp. Vi dansa og kosa oss. 
Prøvde å renne på akebrett og måka snø. 
Kjekt med snø, men no vonar vi våren er "rett rundt hjørnet". 
Helsing Marion og Silje-Beathe.

tirsdag 12. mai 2020

Vintereventyr i mai

I dag har Grøn avdeling, kohort 3 og 4 vore på tur til lavvoen. 
Vi opplevde eit vintereventyr i mai! 🌨️


Litt spesielt å lage snømann med kvisthår med grøne blad! 

Vi rulla mange snøballer og laga englar i snøen. Koseleg å fyre opp i ovnen i lavvoen. Det vart varmt og godt til vi skulle ete maten vår! Vi kosar oss på tur! 💙💚🌿☃️

mandag 11. mai 2020

Ei lita Gul gruppe på undretur……

Kvardagen vår har blitt noko annleis enn då vi stengte i mars. Vi nyt dagane i mindre grupper, rolegere dagar med mindre trakk i dørene frå vaksne og ein forutsigbar kvardag for alle. Nokon dagar startar vi inne, medan andre dagar ute. Vi kjem ferdig påkledd og magen har allereie fått frukost, så dagane ligg til rette for mykje meir tid til leik og moro. Samtidig prøvar vi å halde på dei lærerike rutinesituasjonane ilag, og brukar tid til påkledning, måltid og ikkje minst handvask saman. Vi er delt i mindre grupper, så det er litt rart å berre vinke hei gjennom vindauget, men etter alder og kjemi har vi funne gode grupper saman.

Fleire turar i nærmiljøet har vi fått til sidan oppstart, og turar likar vi godt. Det er så mykje spennande vi møter på vår veg, og vi søv så godt i hengekøyene våre.

Vi har vore på leit etter vårteikn, men etter det kvite som kjem frå himmelen, tyda det på vi har vore tidleg ute, eller?! 

No har vi fått ny luft i turvognene våre, så her ligg alt til rette for lengre turar med god trillekomfort. Vi ventar spent på kattungar i Gurinesen der eine pusen berre blir rundare og rundare rundt magen. 
                                     


Vi er stadig på tur til Vatnebrua for å sjå etter Bukkene bruse trollet. 


I Haugane har vi funne eit fiskehaud, det både lukta og såg litt rart ut. Kven har lagt det på graset?

lørdag 9. mai 2020

Fjøretur

På fredag gjekk Kohort 1 og 2 frå Grå avdeling på tur ned til fjøra. Sjølv om det var flo fann vi mykje rart langs sjøkanten.  

                                        

                                       

Fine skjell, skjelett av sjøstjerner og krabbe. Vi skulle samle steinar i dag. Dei skal vi bruke neste veke til eit uteprosjekt.




Eva måtte bere sekken med mange steinar i. Ho er sterk altså! 



fredag 8. mai 2020

Blå på tur til Lavvoen på jakt etter vårteikn (Kohort 1 og 2)


No når vi er delt i små grupper er det supert å trene på å gå i tau, og denne gjengen har vorte superflinke!! På torsdag gjekk vi frå barnehagen og opp til Lavvoen, men deler av turen gjekk vi i utmark og det var både utfordrande og kjekt! Det første spanande vi møtte på turen vår var ei gravemaskin, det kan vel ikkje reknast som vårteikn, men spanande er det. 😊

 

 

Litt lenger oppe høyrde vi ei elv, den var ikkje så lett å sjå, men fin lyd laga den i alle fall. Så var det slutt på stien og vi gjekk ei stund i utmark, brattare og brattare blei det, men med hjelp av kryping og støttande hender kom vi oss opp på den andre stien. Kjempegod trening for balanse og koordinasjon og så kjekt når vi meistra det etter litt slit. 😊





Det vi fann av vårteikn var t.d. kvitveis, bekkeblom og gauksyre. Gauksyra smakte vi på og den var sur, men god. I tillegg høyrde vi mykje fin fuglesong. Nokre restar frå hausten fann vi og, kongler og hasselnøtt. Og sjå fine skjegget som Laila fann i treet.

tirsdag 5. mai 2020

På fisketur

I går var kohort 1 og 2, Marihønene og Edderkoppane (Grøn avd) på fisketur i Gurineset. Godt friskt fiskevér og mange ivrige fiskarar. Og tenk vi fekk fisk også!! 



Det frista med fisk til lunch, men kom til at den kanskje vart i minste laget!