NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

Viser innlegg med etiketten kohort 1 og 2. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kohort 1 og 2. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mai 2020

Raud på fjøretur

Mandag var Raud avdeling kohort 1+2 på tur til fjøra.
Dagen begynte litt grå og tåkete, men det gjekk ikkje lenge før sola kom fram.
Vi tok med oss ein plastboks til å samle krabber, skjell, tang og tare i. Nesten som eit akvarium.
Vi leita spent på å finne ein krabbe Krølle. Løfta på stein og tare, og fann både store og små krabber og ikkje minst tanglopper.
Når vi var ferdige i fjøra fikk alle krabber sleppe fri i sjøen.

onsdag 20. mai 2020

Eit lite livsteikn frå Raud!



Idag tirsdag (19.mai) har Raud avdeling (Kohort 1+2) vore på tur til Gurineset! I det siste er dette berre ein av mange fine turar vi har hatt, men vi må få sei at turane med opplett vær er dei finaste vi har, vi gleder oss til skikkelig sommervær, sjølv om vi alltid vil kunne mimre tilbake til då vi laga snøhest i mai... 


 
Vi hadde samling i Gurineset om "det bortkomne lammet" etterfulgt av aktiviteter der vi telte sauer, sorterte sauer etter farga, dei fekk kvart sitt hus i fargane raud, blå, grøn og gul. Barna engasjerte seg, men det var nok sangen "Du er du og du duger, og at lammet gøymte seg for gjeteren eller Jesus som barna kalla han som satte mest spor. Vi gleder oss til å jobbe videre med dette. 


Vi fyrte i bålpanna for å steike ostesmørbrød og rydda rundt oss i Gurineset, det trengtes, der var mykje rot. Gurineset er eit slikt fint turmål og vi er glade for at vi kan vere der, beina klarer å gå sjølv og det er mykje å finne på der; fiske hai, kaste stein på vatnet, utforske og klatre i skogen..  Det er idyllisk! 

Når vi kom tilbake var det godt å slappe med litt Peppa Gris. Og det var så fint å høyre at eit av barna sa idag: "Eg liker dykk alle eg vennane mine". 

lørdag 16. mai 2020

Når eit bitte, bitte, bitte lite frø……


På torsdag brukte kohort 1 og 2 på Gul avdeling formiddagen til å plante solsikkefrø og sukkererter som vi var så heldige å få med #PLANTASJEN. I godt samarbeid med Kjøkken-Marit har vi brukt nokre dagar på å samle mjølkekartongar som vi ville bruke til «plantekasse». Perfekt for små barnehender å dekorere og handtere.



Mjølkekartongane fylte vi med jord, det var ei kald og merkelig oppleving. Ein jordklump som plutseleg delte seg utover hendene og vidare utover bordet.

                             

                              




Etter frøa var lagt i jorda fylte vi på med vatn for å halde jorda fuktig. 

Bittelite frø
Alt det minste som Gud skapte: små, små frø du knapt kan se
er det viktigste i verden bare se hva som kan skje:
Når et bitte, bitte, bitte lite frø når et bitte, bitte, 
bitte lite frø når et bitte bitte, bitte lite frø blir lagt i jorden.

Alt blir til av veldig lite i små frø som ingen ser
finns det merkelige krefter ingen skjønner hva som skjer:
Når et bitte, bitte, bitte lite frø når et bitte, bitte, 
bitte lite frø når et bitte bitte, bitte lite frø blir lagt i jorden.

Alt det store her i verden har engang vært veldig smått. 
Ved Guds hemmelige under blir det til no stort og flott.
Når et bitte, bitte, bitte lite frø når et bitte, bitte, 
bitte lite frø når et bitte bitte, bitte lite frø blir lagt i jorden.



Som dekorasjon rundt plantekassene våra, laga borna klinkekule bilde med valfri farge. Latteren braut laust når kulene bråka i kassa og vart full i måling!




Helsing Mette og Henriette

lørdag 9. mai 2020

Fjøretur

På fredag gjekk Kohort 1 og 2 frå Grå avdeling på tur ned til fjøra. Sjølv om det var flo fann vi mykje rart langs sjøkanten.  

                                        

                                       

Fine skjell, skjelett av sjøstjerner og krabbe. Vi skulle samle steinar i dag. Dei skal vi bruke neste veke til eit uteprosjekt.




Eva måtte bere sekken med mange steinar i. Ho er sterk altså! 



fredag 8. mai 2020

Blå på tur til Lavvoen på jakt etter vårteikn (Kohort 1 og 2)


No når vi er delt i små grupper er det supert å trene på å gå i tau, og denne gjengen har vorte superflinke!! På torsdag gjekk vi frå barnehagen og opp til Lavvoen, men deler av turen gjekk vi i utmark og det var både utfordrande og kjekt! Det første spanande vi møtte på turen vår var ei gravemaskin, det kan vel ikkje reknast som vårteikn, men spanande er det. 😊

 

 

Litt lenger oppe høyrde vi ei elv, den var ikkje så lett å sjå, men fin lyd laga den i alle fall. Så var det slutt på stien og vi gjekk ei stund i utmark, brattare og brattare blei det, men med hjelp av kryping og støttande hender kom vi oss opp på den andre stien. Kjempegod trening for balanse og koordinasjon og så kjekt når vi meistra det etter litt slit. 😊





Det vi fann av vårteikn var t.d. kvitveis, bekkeblom og gauksyre. Gauksyra smakte vi på og den var sur, men god. I tillegg høyrde vi mykje fin fuglesong. Nokre restar frå hausten fann vi og, kongler og hasselnøtt. Og sjå fine skjegget som Laila fann i treet.

mandag 4. mai 2020

Eit lite tilbakeblikk etter ei og halv veke på Grå frå kohort 1 og 2


Det er ein merkeleg tid vi er inne i no, og det er mykje ein skal passe på, og mykje som skal prøvast. Barna har på denne tida vore veldig tilpassingsdyktig, sjølv om ting kan kjennast litt rart! På bilde ser vi eine vindauget på avdelinga som eit barn har fått mala. Flotte blomar, med sol og hjarte i himmelen.


På Grå har vi to og to kohortar som samarbeider.  Og vi bytter på anna kvar dag å vere i barnehagen, og å vere på tur. Foreløpig har vi vert nokså heldig med vêret og fått gode turopplevingar. 




Dei vaksne med kosar seg godt ute!


Vi får verkeleg vere i nærområdet på Vatne og oppleve våren som er i full blomstring, og sjølv på tur finn vi på mange aktivitetar. Men vi må innrømme at vi gleder oss til det blir enda varmare ute.



I løpet av dei to første vekene har vi vore i Gurineset, på bedehuset, gått tur rundt i Vatnedalen og på travbana fekk vi springe alt vi kunne – akkurat som hestane gjer når dei er her.


Sjølv om vi er ute på tur, har vi med ulike «bordaktivitet» da det er populært blant barna. Vi bruker også ein del naturmaterial, og vil bruke meir av det i tida framover. 



Vi har mange spennande prosjekt på lur.

  
Når vi er inne på avdeling har vi ulike aktiviteter knytt opp mot 17. mai. Vi skal lage litt forskjellig pynt og bruker ulike teknikker for å gjere det meir artig. 



På Grå har vi, som alle andre, stort fokus på å vaske hender, ha god hygiene, vaskar leiker og rørte overflater ofte. Barna blir med oss inkludert i dette så langt det går, og mange av barna er veldig glad for å få vere med på det. Vaske leiker har blitt ein stor favoritt. Vi vaksne går over det etterpå om det er nødvendig. 


Under måltida smør vi vaksne maten til barna, og til to måltidet får dei ofte ein eigen skål med frukt, kjeks, havrefras, rosiner og liknande. I tillegg smør vi skrive og knekkebrød om dei har lyst på meir.
Det er aktive barn som er glade for å leike saman igjen, og vi håper på mange flotte solrike dagar framover. Det har vert ein flott oppstart!


Helsing kohort 1 og 2 på Grå!