NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 27. mars 2020

VELKOMEN TIL Å ARBEIDE SAMAN MED OSS



Tryggheim barnehage, Vatne søkjer etter

2 PEDAGOGISKE LEIARAR/ BARNEHAGELÆRARAR
i 100% fast stilling frå 01.08.20
1 PEDAGOGISK LEIAR/BARNEHAGELÆRAR
i 100% vikariat bhg.året 20-21


Visjonen vår: «Vi ser og blir sett.»


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Godkjend barnehagelæararutdanning
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
Du må:
  • vere ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • ha god kommunikasjons- og formidlingsevne
  • vere relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • ha evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • ha svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Udir sine krav)
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar
  • 5 ordinære avdelingar
  • Kjøkkenassistent i 100% stilling
  • Lønn etter PBL tariff
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM barnehagene AS  
Søknadsfrist snarast råd og innan 03.04.20.

Send søknad og CV til: 
NLM barnehagene AS avd Tryggheim barnehage, Vatne
Ulvestadvegen 4,
6265 VATNE
Eller til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med styrar/dagleg leiar, 
Sigrid Høydalsvik Nevstad tlf.: 96948829
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/

Litt snøglede frå Grå avdeling

Her er eit lite tilbakeblikk frå dei dagane vi endeleg hadde snø!


Rallykøyring med akebrett var populært!


Barna var veldig hjelpsam til å sette opp lavvoen vi fekk låne i samanheng med Samenes nasjonaldag. 


Snøen som var på sila hadde sige ned og laga eit brettemønster. Kjempestilig!


Vi fekk tatt med rumpebretta til både Gurineset, bedehuset, og opp til skulen når anledninga var der. Flotte dagar i snøen blei det!



Også i barnehagen var snøaking det dei fleste ville halde på med. 



Vi er takknemlig for at vi fekk nokre få dagar med herlig snø, og ikkje berre is.

søndag 22. mars 2020

Barnas Misjonsprosjekt på Grå avdeling


Her er eit lite tilbakeblikk på misjonsprosjektet vi hadde på Grå avdeling.

Etter solsnufest i januar var vi i gang med Barnas Misjonsprosjekt. Vi tok fly til Mongolia for å bli betre kjent med landet, kva arbeid som blir gjort der, og kva vi her i Norge kunne bidra med for at barna i Mongolia skulle få det betre.


Det som var mest spennande var nok ørnane, og korleis dei og menneska samarbeida i jakta på mat. 




Mange flotte ørner blei produsert på avdelinga.






I tillegg fann vi fram veven, og laga Ger av glas.




 Når vi lagde Ger måtte vi ha lys i, som skulle symbolisere omnen og båla dei hadde i husa sine. Vi tok bussen opp til Eidet, og gjekk innom Europris for å handle. 

 Vi hadde matpause ved fotballbana før vi gjekk ned igjen til barnehagen.



Vi avslutta barnas misjonsprosjekt med foreldrekafé der vi hadde sal av klede og barna song. 

Takk til alle som bidrog med klede, tomflasker og pengar!

Alle fem avdelingane på Tryggheim barnehage på Vatne var med på 
Barnas Misjonsprosjekt. Tilsaman kom det inn kr.8333,- som vi har sendt inn.

onsdag 11. mars 2020

Ulike saman


I dag trossa ein liten gjeng frå Gul avdeling regnet og trilla oss ein tur til «Bedehusbarnehagen» sitt uteområde, det som no kun er Bedehus igjen. 😊

Der var det mange kjekke leiker som vi kunne leike med! Vi leita under løvet 
etter insekt, og vi fant ein stor makk, ein liten «baby» makk, ein kvit snigel og ein 
brun snigel. Vi håpte på at vi skulle finne Lille Petter edderkopp også, men vi kom fram til at den gøymte seg for regnet. 

 


Sidan det var barnehagedagen i går med temaet «ulike saman» snakka vi litt om det.  
Vi fant to sniglar, men at dei hadde ulike fargar, og at vi fant ein stor makk og ein liten. Spennande å undre seg litt over det. 

 


Vi såg frø frå lønnetreet som hadde fått bitte små grøne knoppar, og var einige om at det var eit teikn på vår og at vi gler oss til den. 😊 


Kjekt å undre seg litt på tur. 😊

torsdag 27. februar 2020

Edderkopp-fest på Gul og Blå


Den kjente barnesongen om "petterkopp" er mykje brukt på Gul og Blå avdeling. Stadig dukkar edderkoppen opp av boksen sin og vil helse på gjengen. Skrekkblanda fryd! Denne månaden var det Gul sin tur å invitere Blå på besøk. 

                                       


I forkant fekk borna kvar sin papirhatt som dei skulle trykke handavtrykket sitt på.
Vi samla gjengen på Gul og hadde ei fin samling om edderkoppen, denne gongen fekk både den vesle og den store edderkoppen lyst å helse på oss.



Lille Petter Edderkopp han klatra på min hatt.
Så begynte det å regne og Petter ned han datt.
Så kom sola og skinte på min hatt.
Da blei det liv i Petterkopp som klatra på min hatt.

tirsdag 25. februar 2020

Treng barnet ditt Barnehageplass frå hausten 2020?

Tryggheim barnehage ligg mitt i sentrum av Vatnebygda.
Det er kort veg til fjøra, fjellet og Vatnevatnet.
Vi besøkjer ymse gardar i bygda. 
Både store og små nyttar nærområdet aktivt.
Det er kjekt å dyrke litt av maten vi et.
Barnehagen har utvida Kristen formålsparagraf.
Dei to eldste kulla får vere med til kyrkja både 
på Jule- og Påskevandring.
Vi har ulike tema gjennom året, her frå Brannvernveka.
Bursdagsfeiring på barnehagen vår set bursdagsbarnet i sentrum. Vi feirar med flagg, bursdagssong, krone og ellers legg vi feiringa opp etter barnet sin alder.
Her er bilete frå ei feiring ute.
Ei hand å halde i...
Vi vil at barna skal kjenne seg trygge i barnehagen. 
Tryggleik og trivsel er grunnlaget for all positiv utvikling.

Ynskjer du å søkje barnehageplass?
Søknadsfristen er 1.mars 2020.

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt på 96948829 eller på e-post tryggheim.vatne@nlmbhg.no

mandag 24. februar 2020

Den stOre snøballen – ei praksisforteljing frå Blå avdeling


Måndagsmorgon og snøen hadde lagt seg som eit kvitt teppe på uteområde. Vi skulle dele oss i to grupper, og eine gjengen skulle ut og leike med den nye etterlengta snøen som hadde kome.
På Blå avdeling står empati og korleis vere med kvarandre på planen, og vi skal nytte utetida som eit verktøy for å jobbe med dette.
Korleis kunne vi flette dette inn i vinterleiken vår?

Då vi kom ut knadde den vaksne ein snøball i hendene sine, og byrja rulla den bortover snøen. Den vaks og vart større, og fleire born ville hjelpe til. Så bra!


Det gjekk lettare når vi jobba saman, men utfordringar var det. Vi måtte trille same vegen, og vi måtte lage plass til alle som ville vere med. Vi skulle ikkje skubbe kvarandre, men saman skubbe på snøballen og sjå kor stor vi fekk den.


Ein av gutane var ivrig å hjelpe til, og han ville vi skulle trille snøballen, som no var ganske stor, opp over ein liten kant. Den vaksne og guten skubba på ballen, men den rikka seg ikkje. Dei måtte ha fleire hender å hjelpe til!

- Kan du spørje om nokon vil hjelpe oss? Spurte den vaksne guten. Ja, det ville han!
Ein anna gut kom til og hjelpte, men den rikka seg ikkje! Dei trong meir styrkje, og spurte eit born til. Jenta ville heldigvis hjelpe til! Dei samarbeidde og då gjekk det, alle borna på gruppa trilla snøballen saman, gjennom snøen – og den vart endå større!


 Store smil og nøgde fjes, som jobba saman og kjende på meistring.


Tenk, snøballen vart nesten like stor som borna sjølve! 


Så vart den måla i fine fargar, dette vart og gjort i samarbeid.


Tenk alt vi klarar når vi jobbar med kvarandre – og ikkje imot.


 Barnehagen skal vere ein trygg stad å vere, der borna får prøve ut ulike sider av samspel, fellesskap og vennskap. Borna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Vidare skal barnehagen vere ein arena for fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna .

(Rammeplan for barnehagen, 2017).