NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 19. juli 2018

UTLYSNING: TO STK ASSISTENTSTILLINGAR


NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer                                     
2stk BARNEHAGEASSISTENTAR (heiltid) frå 01.12.18
Tryggheim Barnehage Vatne flytta inn i nye lokale våren 2018. Frå nov/des 18 opnar vi ei ny småbarnsavdeling og treng difor nye tilsette.
Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
  • Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
  • Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
  • Assistenten har medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, for eksempel: samlingsstund, aktivitetar, frileik, rutinesituasjonar
  • I tillegg skal assistenten ha ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene blir gjennomført i samarbeid med resten av personalet i barnehagen
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikeleg moglegheiter for turar utom barnehagearealet
  • 5 ordinære avdelingar
  • Eigen kjøkkenassistent
  • Lønn etter PBL tariff
  • IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein begynner.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom                        
NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast og innan 01.08.18.
For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 47663351
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/

Takk til alle som søkte! Meir info kjem til kvar enkelt av søkerane.

mandag 16. juli 2018

Hiv o`hoi det er sommar!


Fredag den 13, var det siste dag i barnehagen før fellesferien. Vi slo på stortromma og overraska barna med sjørøvar/pirat tema!


                                           



Heldige som vi er, hadde ein sjørøvar (Kaptein Ruskemikkel) vore innom barnehagen og gøymt både magiske blomster, skatt (gullpeng til dei eldste, seigmenn til dei yngste), kart, ballongar og  vann ballongar!

                              



Nokre kreative vaksne hadde stått på og laga melonskuter til avdelingane, dei var fylt med mykje god frukt!





Vi ynskjer alle små og store riktig God sommar!

fredag 29. juni 2018

Tur til Løken - Klatremusene


Da var det dags for ein Klatremustur ut i det vi trudde kom til å bli ein skikkeleg regnværsdag. Måndag 25.juni kom det heldigvis aldri regn – det blei berre varmare og varmare. På turen fann vi likevel teikn etter at det hadde regna, nemleg store sølepyttar!



På turen gjekk vi innom Stall Nedrevold, for der var det nemleg ein veldig flott ponni som vi måtte helse på. Hei hei hesten J 


Vårt neste mål var å gå ned til ei bru. Kanskje bur trollet her? Vi plukka uansett med oss blomar, så kunne vi kaste ned frå den eine sida og springe over for å sjå om dei kom seilande nedover elva.


Vi fann oss ein benk like ved elva, og det passa bra for vi var svolten! Her kunne vi også undre oss meir om elva, og dei runde store kvite ballane på marka – det var  marshmallow kom nokon fram til. 



Vidare fekk barna bestemme kor vi skulle gå, og alle var einig om at vi måtte gå gjennom skogen nedafor benken. Den såg litt skummel ut, så det var nok nokre magar som kribla godt når vi gjekk nedover.


Det var heldigvis ikkje så skummelt, 
og gjennom trea kunne vi glimte til elva inni mellom.


Vi kom fram på ei stor mark. Her skal det nok dyrkast mat til kyr, så vi måtte ikkje gå så langt inn på marka. «Første mann ned til skogen» ropte den vaksne og alle heiv seg med!



   Eit liten skogholt vidare og vi kom ned til eit vatn.
Vi kasta litt steina før vi gjekk vidare bortover langs vatnet.



Det var litt spennande for her var det kvitt skum som bølgjene tok med seg. Kva kan det kome frå?


Etter vi hadde gått litt kom vi fram til ei strand. 
Her kunne vi skrive i sanden med pinnar.



Vi måtte prøve å få tak i ein stor pinne som låg uti vatnet med.
Den fekk vi tak i til slutt J


Det blei ein god tur og ein veldig kjekk tur der barna fekk utforske og undre seg over det vi såg i naturen. Beina blei litt slitne på veg tilbake til barnehagen, men alle var ved godt mot!

onsdag 27. juni 2018

Lille Larven Aldrimett / Sommarfest

Gjennom heile våren har både Bikuba og Maurtua hatt temaet «Den lille larven Aldrimett», og i den anledning bestemte vi oss for å ha ein stor felles avslutningsfest for temaet saman. 



I herlig solskin fekk barna høyre historia med konkretar der larven var liten og stor.




Revane hadde mala nydelige sommarfuglar og viste dei fram i det historia fortalde at larven kom ut av hylsteret sitt som ein sommarfugl.



Disko var neste på programmet, og det var så kjekt at barna på småbarnsavdelingane også blei med! Danse danse!!


Inne på kjøkkenet var det full rulle – for der var det dekka på til fest.


Ein, nei to larvebollar var laga. Dei blei borte på 1 2 3!


Namnamnam… vi åt mykje av det larven åt gjennom boka. 
Deilige fruktspyd med eple, pære, plomme, jordbær og appelsin. 


For ein kjekk avslutning på temaet, og for ein kjekk sommarfest! J

søndag 24. juni 2018

Revegruppa overnatta i barnehagen



Endelig var dagen her!
Torsdag 21.06.18 var det tid for den tradisjonelle overnattinga i barnehagen. Dette er første gongen nokon overnatter i den nye barnehagen vår! Revane har gleda seg lenge, og vi har i fellesskap planlagt kva vi skulle ha med, kva vi skulle ete, kor vi skulle ligge og kva vi skulle gjere på.
Det krible nok litt i magen då dei møtte i barnehagen torsdag ettermiddag med sovepose og kosedyr. Vi kosa oss med taco, men størst stas var nok det å krølle seg ned i soveposen og sjå på "kino".
For mange av 5/6-åringane er overnatting i barnehagen ein milepæl i forhold til kjensle av meistring ved å sove borte.
Det blir rart når denne flotte gjengen skal starte på skulen.



VIL ØNSKE ALLE EIN RIKTIG GOD SOMMAR 
OG LUKKE TIL VIDARE I LIVET 💙

fredag 22. juni 2018

Undretur



Onsdag var dei yngste borna på Ekorna og fire av dei eldste borna på Nøtteliten på undretur saman. Vi trilla i nærmiljøet og såg både ein buss, postbilen, fine blomar i veikanten og ein masete måse på taket!




Vi trilla vidare mot elva for å sjå om trollet verkeleg bur under brua som i Bukkene Bruse-eventyret. 


Men ingen troll var å sjå. Frå brua hadde vi flott utsikt og vi kika etter fiskar. 


Det var også fole kjekt å hive blomane vi hadde plukka ned i elva. Dei flaut avgårde ut i sjøen! 




På vegen tilbake gjekk vi på føtene ned til fjøra. Her var det spanande med alle båtane og ein "jobbermann" som spylte landgangen til båtane. 


Borna var så flinke å gå! Vi måtte og hjelpe til med å trille dei store firlingvognene i oppoverbakken! Supersterke var vi!! Og ein flott undretur var det! 😊

tirsdag 19. juni 2018

Skikkeleg "Blåse bort-dag" då Revane var på tur til Ålesund!

Kjekt å reise på busstur til Ålesund! Fredag 15.juni reiste vi frå Vatne om morgonen. På Moa bytta vi buss, -og det var ein bybuss utan sikkerhetsbelte! Det var veldig uvant og rart!


Vi hadde på førehand bestemt at vi skulle gå opp trappene til Fjellstua. 



Vinden bles kraftig på veg oppover, så vi måtte halde oss i rekkverket og i kvarandre. Vi såg ein flott regnboge! Vi måtte ta bilde på Byrampen, og då stod håra våre rett opp! 



Det var fin utsikt frå Fjellstua, og vi såg eit stort cruiseskip som låg ved kai i Ålesund. Vi åt maten vår i ein gapahuk. 



Etterpå gjekk vi ein fin veg/sti ned igjen. Der såg vi utskårne dyr og bunkersar frå krigen. 





Spennande å ta og kjenne på skulpturane både på fjellet og i byen! 




Vi prøvde leikeapparata i byparken. 





Ein flott og opplevelsesrik tur, trass ver i alle variantar. Kjekt å bli kjent med byen vår ❤❤