NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 5. februar 2021

Lavvo på Gul avdeling 💛

Sameveka har starta på Gul, denne veka skal vi få høyre om samane, reinsdyr og vi har bygd oss ein stor lavvo med plass til nesten alle💛

              

Tirsdagen hadde vi samesamling med samisk barnesang: bæ bæ lillelam, joik, vi spelte på tromme (runebomme) og fekk sjå på reinsdyr og samar! 

Lavvoen falt i smak, og har no blitt dekorert med lys og fargelagde reinsdyr! 

Det er kjekt å lære om samane, det kjem eit lite smil frå dei fleste, men vi skal vere ærlig å seie at samisk, det forstår vi ikkje... Men dei vaksne kan visst ein felles joik! Til beskjedne og flaue smil og blikk frå barna! 😂 

(Gul avdeling veke 5)

tirsdag 2. februar 2021

Samefolketsdag på Grå avdeling 🖤

På Grå avdeling har vi eit djupdykk om samane og korleis dei lever. Me har vore så heldige å få låne ein sekk frå biblioteket med puslespill som viser dyra som samane brukar i sin kvardag. 

Vi har pynta oss med samekofte, skaller til å ha på beina og kjent på reinsdyrskinn. Me har også snakka om korleis samane jaktar og kva dei lever av og fått låne ein samekniv laga av ein same i Karasjok. 

På slira til kniven er det bilete av ørn, reinsdyr, fisk og vatn.

Det vi lærte då var at samane livnærer seg av reinsdyrkjøtt og pels, fugl og egg og tilslutt det dei kan fange av fisk i vatn.


Barna fekk fargelegge flagget til samane og har fått sett at det er annleis enn det norske flagget.


Me har også snakka om, sydd og sett på film om stjerna og kor viktig stjerna og sola er for samane. Det kan de heime også få lære om ved å søke på "Den himmelske jakten".  Barna synast at det var kjempespennande!

I rammeplanen side 54 og 55 står det: 
Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna: 
får forståing for at det finst mange ulike måtar å forstå ting på og leve saman på.
* utviklar interesse og respekt for kvarandre og forstår verdien av likskapar og ulikskapar i eit fellesskap.

Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna:  
blir kjende med at samane er Noregs urfolk, og får kjennskap til samisk kultur 
får kjennskap til nasjonale minoritetar

torsdag 28. januar 2021

Kan du tilgi meg?

Edderkoppane på Grå avdeling har ei periode hatt om Den bortkomne sonen (Luk. 15, 11-32) i kristen samling. Der faren gir han mykje pengar, sonen flyttar og sløsar vekk alle pengane sine. Han ender til slutt opp på ein grisefarm. Der er det ikkje plass til han anna enn inne i grisebingen. Han må bu saman med grisane og et grisemat. Han er redd for å gå heim og fortelje faren at han har brukt opp pengane. Men går til slutt heim og ber faren  om å tilgi han. Faren er overlykkelig over å sjå han att. Han tilgir sonen sin og lagar stor fest.

Edderkoppane synes det er ei veldig spanande historie, der vi har fokus på det å seie unnskyld og gi tilgiving.
Det mest spanande er då han bur med grisane, blir gjørmete og et grisemat. Difor har vi hatt ekstra fokus på gris også. 😊 

onsdag 27. januar 2021

Snø ute - Snø inne ❄


Sist veke tok Raud med seg tema vinter og snø inn på avdelinga.
Dei fekk lage snø, inne! 

Potetmjøl var kvitt som snøen
- lukta lite, mjukt på fingrane.
Balsam lukta godt, såpe!



Vi forma snøen mellom fingrane, deilig å kjenne på!
Ikkje var den kald heller - trong ikkje vottar .. 😉
Vi laga snøkaker og rulla små snømenn. Vi vart kvite, frå topp til tå!
"Snøskya" fauk rundt oss...
Så kjekt var det!




Om dykk vil prøve heime er framgangsmåten enkel:
1 del balsam, 6 delar potetmjøl 
☃️

mandag 25. januar 2021

Maurane på Aketur

På onsdag 20.jan var Maurane på tur, me gjekk opp mot lavvoen for å sjå om me fant ein bakke me kunne ake i og det gjorde vi.😊 Der var flotte "oppaka" løyper som passa oss heilt supert. Me fekk testa ut bakken med akebrett, men då gjekk det altfor fort og skaren var hard mot huda i andletet. Så me fant fort ut at det gjekk fort nok når me aka rett på dressen.



Da me skulle ned igjen i barnehagen såg me plutseleg dyrespor og bæsj på snøen. Og mykje mat som me fant ut at måtte tilhøre ein eller fleire hjortar. 

Ein fin dag i snøen 😊 

Katten i bakken i Gurineset

Dei eldste på Grøn avdeling var på aketur i Gurineset onsdag 20.01. Det var topp forhold og vi fekk kjempefart. Men brått fekk vi besøk av ein katt! Den gjekk og spankulerte midt i silebana og den hadde i alle fall ikkje tenkt å passe seg!

No må du flytte deg!!

      Unna veg, her kjem eg!! 


Katten, den brydde seg ikkje. Sjølv om vi ropte, prøvde å flytte på den, så måtte vi bremse og stoppe så vi ikkje sila på den.


Du må passe deg kattepus, så vi ikkje renn på deg. Vere her.


Det hjalp å synge litt til den: "Lille kattepus hvor har du vært.." 

I alle fall for ei lita stund – så var katten i bakken igjen!!

onsdag 20. januar 2021

Tur til Lavvoen

Tysdag 19.01 gjekk Grøn Gr.2 på tur til Lavvoen. På vegen opp fann vi mange istappar og då måtte vi til slutt plukke ned nokre for å smake på dei. Det smakte nesten som Honning sa ei av dei og smilet gjekk nesten rundt. 😊 

Oppe ved lavvoen åt vi maten vår før vi gjekk opp i skogen for å leike litt. Etter ei stund fann vi ut at vi skulle gå bortover mot Hofsetsetra for å gå tilbake til barnehagen den vegen. I starten var der trakka rås, men etter kvart var det berre ein hjort eller to som hadde gått den vegen vi skulle gå. Spanande å sjå spora hjortane hadde laga, og litt lengre nede fekk vi og sjå hjortebæsj, den måtte inspiserast nøye. No måtte vi trakke ny rås, litt slitsamt, men artig likevel. 


Når vi kom nedom det gamle huset i bakkane, ville vi prøve lykka nedover marka og aka oss nedover. Ein kjempeflott bakke, men utan akebrett gjekk det ikkje så veldig raskt. Men kjekt var det likevel.😊

Mykje god trening både for balanse og motorikk, og kreftene våre fekk og prøvd seg litt. Slitne, varme og nøgde kom vi tilbake til barnehagen og då var det kjekt å gå inn for å leike og kvile seg litt.