Det er ikkje alltid like lett å få fram frå barnet kva som har blitt gjort eller kva ein har leika med, etter ein dag i barnehagen. Ofte får foreldre svaret "ej he berre leika mej". Så kva vil det seie?
På Raud avdeling leikar vi mykje med kjøkkenleiker. Det er mykje late-som-om leik, rolleleiken kjem meir og meir fram. Borna lagar mat og serverer kvarandre. Det knyttast venskap, ein må kjenne på tålmodet sitt og ein må vente på tur.
Vi leikar med madrasser og slangar. Det øves på balanse, grovmotorikken, ta omsyn til kvarandre, få eitt fellesskap.
Vi puslar puslespel og teiknar. Det handlar om former som skal passe til kvarandre, auge og hand koordinasjon og finmotorikk. Å leike handlar om å bli kjent med seg sjølv i eit felleskap, og ikkje minst få oppleve meistring og glede i kvardagen. Leik rommar så mangt!
...................................................................................................................................................................................................
"Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal
anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna
sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for
sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for
ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan
oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og
saman med andre." (Rammeplanen 2017)