Denne veka har vi på Grøn hatt fokus på sola, for denne veka kom endeleg sola tilbake til barnehagen vår!!
Vi avslutta det heile med ein solfest på fredag med solbollar frå kjøkkenet og ansiktsmaling🌞
NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE
* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling
Denne veka har vi på Grøn hatt fokus på sola, for denne veka kom endeleg sola tilbake til barnehagen vår!!
Vi avslutta det heile med ein solfest på fredag med solbollar frå kjøkkenet og ansiktsmaling🌞
"Sol ute, sol inne, Sol i hjertet, sol i sinnet, Sol bare sol."
Endelig er sola tilbake i barnehagen, og på Raud avdeling feira vi med å male mange soler, for å få sola til å skinne inne også. Vi fekk høyre forteljinga om "sola og nordavinden" som målte krefter, og til fruktmåltidet blei det servert deilige solboller. Som vi kosa oss! Når vi kom ut fekk vi lov til å male sola på vindauget. Det var kjekt!
Snøkrystaller, snø som faller,
snø på trærne, snø på klærne, snø på bakken.
Sjå no snør det, ja det gjer det, og vi koser oss store og små.
Balansen blir utfordra, vi sklir og dett, men det er opp igjen.Vottar er godt og ha, men av og til sklir dei av.
For dei små på Gul er snøen også kjekk! Vi tok turen ut i snøen på fredag, og igjen på mandagen.
Vi måtte prøve å ake så klart, men vi må vere ærlige og seie at båten og lastebilen var meir spennande enn akebakken.
Ein liten tur utanfor uteområdet vårt gjer seg i ny og ne.
På mandagen hadde vi også fått fornya områda våra, dei var nemlig full av nysnø som vi kunne vasse og trakke rundt i!
Vi har smakt på snøen og rulla rundt i den, snubla også! Snømann var litt vanskelig å lage, men ein vakker dag skal vi lage en snømann som er like stor som oss utanfor vindauget. Vi syng om han Kalle og prata om han Olaf, så snømannen er nødt å komme til live ein vakker dag.
☃️
Vi på Blå avdeling syng og dansar kvar dag, vi elskar musikk!
Onsdag hadde vi minidisko, til glede
for små og store.
Borna er fascinerte av lyser som
snurrar rundt og rundt på golvet.
Blå avdeling held fram med å lære om
kroppen. 😊 No i januar har vi ekstra fokus på sansane. Vi vil la borna sjå, høyre,
lukte, smake og føle seg fram til nye erfaringar.
Borna kunne fortelje at det kom
raudt, grønt og blått lys frå diskokula!
To av dei ivrigaste danserane i farta. 😊
Nokre prøvde å fange lyset, men då kom det oppå hendene – rart!
Godt nyttår frå Blå avdeling! 💙
I dag var det kaldt og fint ute. Og vi på gr.2 på Grøn avdeling kunne tenkt oss på aketur. Vi pakka sekken og la i veg. Bakken i Gurineset var opptatt, so vi la turen oppover bakkane. Gjekk til venstre, høgre, passa oss for bilar og måtte sjå på lastebil som rygga. Det var mykje å sjå og undre seg over.
Bakken opp
til lavvoen, var plutseleg blitt til «Istappgata». Der som det før brukte å
renne vatn nedover berget, var det lange istappar.
Men brått fekk vi sjå nokre store spor oppe på det
bratte berget! Kven var det som kunne ha slike fotspor? Katt, hund, gaupe, rev,
ulv, bjørn?? Det var mange forslag, men vi var einige om at bjørnen ligg i hiet
sitt og søv, so det kunne det i alle fall ikkje vere.
Vi måtte
sjekke om det gjekk an å renne seg på råsa, men det var litt for tregt.
Og plutseleg kom vi til garden. Vi gjekk på ei lang rekke mellom huset og stabburet og nedafor huset var det den bratte bakken. Den måtte vi prøve – det gjekk so det susa!!
Vi venta til det var klar bane.
Vi hjelpte kvarandre opp den siste kneika. So var det tilbake til lavvoen og ete mat. Det smakte jammen godt.
Inne i lavvoen tente vi lys, slik
vi skulle sjå litt meir og så var det veldig koseleg.
Og så var toget klart til heimveg til barnehagen og
Grøn avdeling på ein kald, men kjempefin dag i januar.