NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 12. september 2020

På jakt etter haustteikn



Fredag gjekk Grøn avdeling på tur, på jakt etter haustteikn. Vi fann rognebær, frøa til Lønn som flaug som helikopter i lufta og gule blader som hadde ramla av trea. 

Vi rusla rundt Haugane, der vi fekk sjå oss sjølve i spegelen, spanande!


Turen endte opp ved bedehuset der vi åt nista vår og hadde mykje fin leik. Vi fann både makkar og snegler og det blei laga mykje god suppe. 😉 




fredag 11. september 2020

Når turen er målet!

Torsdag var alle dei små gule på vår første gåtur utanfor gjerdet.

Målet var å gå på eigne bein, uansett om det var 10 eller 50 meter vi gjekk! Enkelte sov seg gjennom heile turen, sååå lang var den!

Vi gjekk opp til Solbakken, naboen vår. Nærmiljøet kan vere spennande det også, treng ikkje alltid å gå så langt. Der var det både blomster, blad, sølepytta og ei spennande garasje med handtak! 




Ein vakker dag skal vi nok finne ut kva som lurer seg bak den kule garasjeporten, men fram til då må nok vi berre undre oss!



Etter den "lange" turen, kosa vi oss ute i sandkassa, riktig flinke barnehagebarn byrjar vi å bli. 💛👍🏻

søndag 6. september 2020

PLASK!!

                        

Etter fleire dagar med behov for solkrem, var det kjekt å endeleg få ha på støvlane igjen! Vi er heldig som har ein veldig populær søledam berre nokre meter frå døra vår på Blå avdeling. Det tok ikkje mange sekund før gjengen hoppa fornøgde i søla. Plaska blei overdøyvd av gledes kvin og jubelrop!

Det er kjekt å fylle bøtta med spade. 



-men enda kjekkare når bøtta kan tømmast ut!



Når vi puttar oppi den same bøtta, blir den fortare full. 



Kokken rører godt, og puttar oppi fleire hemmelege ingrediensar. Det er ikkje rart ein blir freista til å smake litt på. 


Favorittstillinga: på huk. 



Vi trampar, så vatnet sprutar!

Vi fann ei lita søle på asfalten også:



Den sprang vi så fort gjennom, at kameraet ikkje rakk å ta bilete ein gong! 


Om ein tømmer slik, kjem det mykje!



Om ein tømmer slik, varer det lengre før det blir tomt.



Vi på Blå avdeling ser fram til ein våt haust med mykje leiking i sølepyttane. 😊


Trilletur

Sist veke var vi på trilletur med halve gruppa og såg på sauer.


Vi såg også på bilar, lastebilar, buss og syklistar. 😃

fredag 4. september 2020

Grå avdeling på trollejakt

Onsdag 2.september var Edderkoppane på Grå på tur opp i skogen mot Hofsethsætra. 



                          På vegen såg vi både flugesopp, bjørnekam, rognebær og bringebær.

Vi høyrte eit skjorepar som laga reir for vinteren og vi møtte på ei bitteliten frosk som hoppa glad avstad. 

Vi kom til slutt til ein trollskog. Der var det ei stor trollehole. Trollet var der ikkje fordi det hadde blitt til ein stein i sola!


Det var ein lang tur og alle var så flinke å gå. Det er ein sprek gjeng på Grå avdeling! Hit kjem vi gjerne att! 



onsdag 2. september 2020

Raud blir kjend med uteområda i barnehagen

Den første tida etter oppstart av nytt barnehageår kallar vi ei «Bli kjend» periode. Vi skal verte kjende med nye born og vaksne, og kanskje ei ny avdeling.

På Raud har vi og blitt betre kjende med uteområda i barnehagen.

Vi har vore mykje ute og leika, og trivast godt på uteområda barnehagen har!

Det er godt å få bruke kroppen sin – og så kjekt når vi meistrar!

 

Vi grev mykje i sanden. Kanskje etter ein sjørøvar skatt?


Vi disser oss i vennedissa, både på framsida og på baksida av barnehagen.

Så kjekt å kunne sitje fleire vener saman, disse med stor fart, og rope «Hiv O Hoi!»

(Ja, vi er veldig oppteken av sjørøvarar for tida ..! )

På framsida er det store leikeapparat. Her får vi trena oss på koordinasjon og balanse.

Vi har vorte større og sterkare enn før sommaren – alt vi får til!

Det er kjekt det!

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til borna (Rammeplan for barnehagen, 2017).

Gjennom leik og allsidige rørsleerfaringar med kroppen vår opplever vi trivsel, glede og meistring! 

 

Vi blir trygg på eigen kropp, får ei positiv oppfatning av oss sjølve og blir kjend med eigne kjensler (Rammeplan for barnehagen, 2017).


Barn sin medverknad

 


Edderkoppane og Maurane får lage sine eigne lapper til å ha på skuffene sine. Bokstavtrening og mykje kreativitet. Mange flinke kunstnarar på Grå avdeling.