NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 12. januar 2020

Utlysning Barnehagelærar og Tilkallingsvikar

                 


NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer

BARNEHAGELÆRAR
i 100% vikariat snarast råd til 17.07.20
med moglegheit for forlenging

TILKALLINGSVIKARAR snarast råd 

Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. 

Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
  • Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
  • Delta i alt arbeid som du vert pålagt og etter din stillingsinstruks.
  • Interesse for spesialpedagogisk arbeid
  • Samarbeide tett med personalet i barnehagen og andre fagmiljø
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar utom barnehageområdet
  • 5 ordinære avdelingar
  • Kjøkkenassistent
  • Lønn etter PBL tariff
  • IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 23.01.20.

Send søknad og CV til: 
NLM barnehagene AS avd Tryggheim barnehage, Vatne
Ulvestadvegen 4,
6265 VATNE
Eller til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 96948829
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/

Gul avdeling på tur til småbåthamna


Onsdag er Gul avdeling sin faste turdag, og sist onsdag gjekk turen ned til småbåthamna på Vatne. Dei siste dagane har vore prega av kraftig vind, og til dels storm i kasta med regn og hagl om ein anna. Men vi bestemte oss for å trosse veret for å få oss ein luftetur og gjekk mellom bygene.

Nede på hamna var det mykje å sjå på. Blant anna såg vi bølgene på sjøen som slo inn i steinane og kaia. Vi såg på alle dei fine båtane som låg ved kaia og ikkje minst såg vi fleire ender som svømte omkring båtane medan dei duppa opp og ned i sjøen.

Det var ein fin og frisk tur. 😊

fredag 10. januar 2020

Grå avdeling på "jakt etter sola"!

I dag var det "Solfest-dagen" i barnehagen.

Sola skal igjen skine i barnehagen vår!

  
Vi har laga soler, teikna soler på kinna våre, bakt solboller og gått på jakt etter sola.

  
Det var det rosa  skyer på himmelen, men i staden for at sola kom fram vart det regnskyer. 
Men når alle skyene er vekk, då skin sola igjen i barnehagen!!

torsdag 9. januar 2020

Sola er god, sola er toppen


No gler vi oss til at sola skal kome tilbake til barnehagen. 

Gr 1 måla flotte soler med pensel og gaffel som vi skal pynte med på avdelinga! Kreative barn!

Sola er god.
Sola er toppen.
Sola er varm og den bruner på kroppen! 
Sola som skinner hver morgen for meg
Sola i barnehagen er best synes jeg! 

Raud avdeling til Gurineset

Godt nyttår frå Raud Avdeling! 
På tide med eit lite livstegn frå oss.




Vi er minst like aktive som før jul, og turen i dag blei derfor til Gurineset, der små og store verkeleg får bryne grovmotorikken.




Før mat rakk vi å utforske heile område, greit vi har små korte bein, men dei ber oss raskt avgårde. 





Vi kjem oss fram uansett, enten vi klatrar, hoppar, spring eller går. Idag har vi til og med rulla nedover bakkane, og kome oss opp igjen!


Vi hadde eit lite håp om å enten møte på ei ugle eller han Mikkel Rev, men måtte ta til takke med ein katt, som vi kom til måtte vere ute på jakt slik han sneik seg rundt!




Vi åt maten vår i den fine gapahuken som står der, kjekt å ha alt godt tilrettelagt. Neste gang skal vi ha med oss noko vi kan varme på bålpanna der, for det frista på ein kald, fin dag slik som i dag!



tirsdag 17. desember 2019

Grautfest i gapahuken

Tradisjonen tru var det Grautfest ute i Gapahuken vår på mandag. 


Bålet var tent og grauten var varm.

Det var både barn, foreldre og besteforeldre som kosa seg ute i det fine været. 



Blå morgonhimmel er vakkert viss ein tek seg tid til å nyte den.

Dei som ikkje ville ete ute fekk sjølvsagt ete graut inne.

onsdag 4. desember 2019

Grå avdeling på Julevandring i Kyrkja

Her på Vatne er vi så heldige at vi har ei flott kyrkje som ligg nært barnehagen. I dag var dei to eldste kulla på barnehagen invitert til Julevandring der. Spente gjekk vi opp til kyrkja. Vi kunne sjå tårnet der klokka heng allereie før vi gjekk over Vatnebrua. Skal tru kor gamal kyrkja kunne vere? Over 100, eller 1000 blei foreslått. 




Vi fekk av oss yttertøyet og fekk kome opp på galleriet. Her skulle Keisar Augustus skrive oss inn med fingeravtrykk i boka si. Ein og ein gjekk vi fram.


Astrid og Linda skulle ta oss med på ei reise og fortelje oss om mirakelet som skjedde i Betlehem, og på vegen blei vi både til kongar, englar, gjetera, Maria og Josef. Det var kjekt at vi fekk ta del i Juleevangeliet på ein aktiv og inkluderande måte. 




Etter den lange og flotte reisa til Betlehem takka vi Astrid og Linda for at vi fekk kome. 


Det var på tide å returnere til barnehagen, men vi måtte ha oss ein matpause, også sjekke elva først. Det var kjekt å sende pinnar frå den eine sida av gangbrua og springe over på den andre sida for å sjå den kome seglande i straumen. 




Barna skal få kjennskap til grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon (Rammeplanen 2017).