Endelig
var dagen komen, som vi hadde venta på så lenge! Onsdag (11.09.19) fekk vi ta opp grønsakene våra i barnehagen. Grå
og nokre frå Grøn møttes og først repeterte vi litt kva vi gjorde i vår. Dei
bitte små frøa og potetmora med åla som vi planta i pallekassene våra.
Vi trekte
paralella frå Skapelsen og at Gud har skapt så mykje godt. Og kor heldige vi er som har så mykje god mat
vi kan ete. Han skapte trea, slik at vi kan få frukt og jorda slik at vi kan
dyrke grønsaker. Og vi sang: «Kven har skapt alle potetene? Jau Gud i himmelen». Vi fortsatte med: Gulrota, reddikane, nepene
og avslutta med alle grønsakene til slutt.
Kva treng
eit frø for å vekse var spørsmålet. Ivrige barn kunne fortelje at då må dei ha
mold, vatn, sol og lys!
Det var
mange ivrige barn som tok opp poteter.
Det var
spennande å sjå kor mange barn poteta hadde fått.
Vi fann
mange poteter.
Det var små poteter.
Og litt
større.
Vi
samanlikna størrelse og form.
Det var
gulrot, reddikar og neper.
Vi var veldig ivrige og kosa oss! Tenk at alt dette hadde vokse i barnehagen!
Vi vaska
grønsakene etter kvart som vi tok dei opp!
Etter
å ha vaska potetene veldig godt kutta
vi dei opp i biter.
Det vart litt kutt andre plassar også, men heldigvis hjelp det godt med plaster.
Det var
masse jobb å skjere opp og no er dei klar for å steikast i omnen!
Det lukta så
godt over heile barnehagen og det smakte kjempegodt.
Alle avdelingane i
barnehagen fekk steikte poteter,
og det er rart å tenkje på at desse var det vi
som hadde planta!
R.pl.: «-får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid».